Glad i jobben: Astrid Søftestad frå Nissedal har drive Sølvsmedtunet i Vrådal sidan november 2002. – Eg jobbar nok altfor mykje, og klokka blir fort både sju og åtte før eg kjem heim, fortel ho.

Som ung ville Astrid bli tannteknikar eller gullsmed. Nå har Sølvsmedtunet runda tjue år

I mange år pendla Astrid Søftestad mellom heimen i Nordbygda i Nissedal til Bø. Då passerte ho eit jorde som ho tenkte kunne vere ei tomt godt eigna for verkstad og butikk. Og slik vart det.

– Eg ville bli anten tannteknikar eller gullsmed, fortel Astrid Søftestad.

Ho var ikkje så glad i å studere, og ville ta fagprøve. Alt då ho var fjorten år tok ho eit sølvsmedkurs. Det inspirerte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men ein måtte vere sytten år for å kome inn på sølvsmedlinja den gong. Så då tok eg kontakt med David Andersen i Oslo for der hadde eg litt familie. Jau då, berre kom på intervju, sa dei.

Og det gjorde ungjenta frå Nissedal. Ho var der i eitt år som lærling i emaljering. Dette var i 1976. Etterpå søkte ho rundt om i Telemark etter stadar å gå i lære, og hamna i Bø. Fyrst som lærling og seinare som filigransmeister eller gullsmed.

Seinare har ho lært faget vidare til mange andre, og har hatt til saman elleve lærlingar hos seg. Dei har kome frå store delar av landet, frå Hallingdal, Kristiansand, Oslo og Treungen.

– Mange har ein draum om å bli sølvsmed, men du må ha ei genuin interesse for faget. Du klarer ikkje å leve berre av å lage søljer, du må ha ein butikk eller ein annan jobb ved sidan av.

– Bøygen i dag er at du må ha ein eigen verkstad. Det er nokon større verkstadar i Noreg som produserer, men det er mest butikkar og mykje blir importert.

I butikken: Astrid har opent på Sølvsmedtunet kvar dag. Medan det var travelt i butikken i desember, er det rolegare dagar i romjoli. Men Astrid har mange bestillingar og nok å gjere likevel.

Dei lokale, og sjølvsagt turistane

Akkurat nå har ho ikkje lærling og ho arbeider aleine. Ja, bortsett frå ektemannen då som stiller opp som vaktmeister og litt forskjellig.

Men Astrid er ikkje heilt framand for å ta inn ein ny lærling seinare.

– Om den rette personen dukkar opp, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

I mange år pendla Astrid mellom heimen i Nordbygda i Nissedal og arbeidsplassen i Bø. Avstanden synest ho ikkje gjorde så mykje, men då ho køyrde forbi Vrådal var det ei tomt som peika seg ut som veldig lagleg for butikk og verkstad.

– Det gjekk nokre hestar her den gong, fortel ho.

Men Astrid fekk kjøpe tomta. Rett ved riksveg 41 og næraste nabo til Straand hotell.

– Det er ein god nabo, der det er mange folk innom. Mange som er innom her er på gjennomreise og kommenterer at dei vel å ta indre veg, altså riksveg 41, i staden for E18.

Men dei lokale er også viktige kundar på Sølvsmedtunet. Det same er sjølvsagt turistane.

– Det er klart at Bygde-Noreg hadde ikkje vore det det er i dag utan turistane. Mange i Vrådal leiger ut hyttene sine, derfor kjem det stadig innom nye folk her, fortel Astrid.

Sølvsmedtunet opna i november 2002.

– Og eg som var sikker på at me var tjue år i år, men me er faktisk 21 år, ler ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den vesle tømra er veldig lokal, og stammar frå både Nissedal og Fyresdal.

– 2. etasje stod i Nissedal og vart frakta hit på gummihjul, og 1. etasje vart bygd av Kile håndlaft i Fyresdal. Det er gjort på gamlemåten med rundtømmer, og det er brukt rundt seksti kubikk, det er eigentleg nok til to bygg, fortel Astrid.

Om somrane har ho også hatt kunstutstillingar i eit eige, lafta hus. Det byrja med Vebjørn, Arne og Anne Sand. Andre kunstnarar som har hatt utstilling her er Rolf Nerli, Thorstein Rithun, Thore Juel, Gro Mutka Holter, Dan Van Ty, Kjell Thorjussen, Knut Flatin og Jonny Andvik. Mellom anna.

Møttest i Vrådal: Medan 2. etasje stod i Nissedal vart 1. etasje bygd i Fyresdal, og begge vart frakta til Vrådal der dei vart til denne koselege hytta som er Sølvsmedtunet.

Om å drive på bygda

Lenge dreiv ho både i Bø og i Vrådal, men nå har ho gjeve seg i Bø, og arbeider berre i Vrådal.

– Det er atten kilometer heimafrå, så det går fint å sykle på sommarstid, smiler ho.

Det kan fort bli lange dagar i verkstaden.

– Eg jobbar nok altfor mykje. Og klokka blir fort både sju og åtte før eg kjem meg heim.

Men å drive butikk i Bygde-Noreg har også sine utfordringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skal du gjere stor «business» gjer du det ikkje i Bygde-Noreg. Du må gjere det 110 prosent, og det er ikkje dei same moglegheitene for inntening. Folk eg snakkar med her likar alltid at ting er laga her, lokalt.

Ho smiler litt.

– På landet skal alltid ting vere laga her.

Bunadsylv: På Sølvsmedtunet lagar ho også mykje bunadssylv. Ho fortel at dei fleste vel tradisjonelt når dei skal ha bunadssylv. – Det synest eg er koseleg, seier ho. Dei som kjøper bunadsylv har som regel tilknyting til Vest-Telemark, dei har vekse opp her, har familie og slekt her, eller hytte i området.

Akkurat nå arbeider Astrid med ei stor slangesølje med lauv.

– Den brukar eg fire dagar på kanskje. Denne er vanleg å bruke til Vest-Telemarksbunaden. Dette var ei veldig svær sølje, og før var det veldig vanleg å få til konfirmasjonen.

Bolesøljene er endå større og tek kanskje ei veke å fullføre.

For Astrid var det ønsket om å skape noko som lokka ho til yrket.

– Sjølv om det kan ta veker. Så ville eg gjere noko der eg får eit resultat. Ein må ha ro i sjela om ein skal halde på med dette, og ikkje stresse med andre ting.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho lagar tradisjonelt bunadssylv, men produserer også smykke etter eige design.

Inspirert av Nisser: Astrid lagar mykje sjølv, og desse øyredobbane er inspirert av Nisser. – Det er slik Nisser ser ut når eg køyrer heim om kvelden. Vatnet får så fint skin om kvelden, seier Astrid.

– Desse er Nisser, fortel ho, og viser fram to øyredobbar som har ei overflate som faktisk ser ut som vassflata på eit vatn som ikkje ligg heilt i ro.

– Det er slik Nisser ser ut når eg køyrer heim om kvelden. Vatnet får så fint skin om kvelden, seier Astrid, og fortel at ei venninne kallar innsjøen «the silver lake».

– Eg kosar meg alltid med turen heim om kvelden, og så var det ein dag eg stod her å hamra, så kom dette.

Over 21 år har det blitt sidan dei to tømrene frå Nissedal og Fyresdal møttest i Vrådal.

Og framtidsplanane er klare.

– Det er å vere her. Eg skal ikkje ta med meg husa nokon stad. Eg skal halde ope kvar dag, og har mange bestillingar framover.

Jol heile året: I 2. etasje, eller på Nisseloftet, lagar eit ukjent tal nissar jolestemning året rundt.