Småbrukarlaget håpar på draghjelp. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Småbrukarlaget er misnøgde med resultatet av Bondelagets forhandlingar

Småbrukarlaget braut med Bondelaget i jordbruksoppgjeret, og ønskjer no politisk draghjelp.

Måndag la Norsk Bonde- og Småbrukarlag fram sine primærkrav for jordbruksoppgjeret. Dei ville ha 13,45 milliardar, som var langt over dei 6,6 milliardane som Norges Bondelag bad om då dei gjekk til forhandlingar med staten, skriv Klassekampen.

Forhandlingane enda til slutt på 4,1 milliardar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vanlegvis forhandlar bondeorganisasjonane først om eit felles krav, men i år braut Småbrukarlaget forhandlingane. Bondelaget forhandla med staten åleine.

Stortinget skal vedta jordbruksavtalen, og Småbrukarlaget håpar på hjelp frå dei partia som har signalisert at dei er misfornøgde med jordbruksoppgjeret.

– Vi er partipolitisk nøytrale, og snakkar med alle partia. Småpartia har ei veldig spennande rolle, dei har også vore tydeleg på at dei ønskjer ei endring, seier leiar i Småbrukarlaget Tor Jacob Solberg til avisa.

Bondelaget på si side åtvarar mot å endre på ein ferdig forhandla avtale.

– Vi brukte all tida i forhandlingane og pressa på. Den klare forventninga mi er at vi har fått ut alt Arbeidarpartiet og Senterpartiet hadde å gi. Då føreset eg at ein framforhandla avtale blir respektert og finn fleirtalet sitt, seier leiar i Bondelaget, Bjørn Gimming til avisa.

(©NPK)