Til VM: Gro Hommo frå ysteriet Lega som held til på Rauland har sendt fire ostar som skal delta på oste-VM i Trondheim i slutten av oktober.

Skal kjempe i oste-VM med fire av sine beste ostar

27. og 28. oktober blir oste-VM, eller World Cheese Awards, arrangert i Trondheim. Lega frå Rauland tek med seg fire av sine beste ostar og skal konkurrere mot over 4000 andre ostar frå heile verda.

– Å, som me gler oss til å møte andre ystarar frå heile verda i Trondheim! Snakke saman om det finaste handverket me veit om, nemleg foredling av den helsenyttige råvara som mjølk er. Det finst jo så mykje god ost og, akkurat som vår Manchego-liknande geitost så klart, seier Gro Hommo i eit presseskriv.

Ysteriet til Lega starta opp på ein geitegard i Øyfjell i 2009 og har naturlegvis geita i sentrum. Nå er Lega litt større og er eit ysteri, bakeri og kafé med butikkutsal på Rauland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Geita er vårt utgangspunkt i alt me driv med. Me ystar harde, prisvinnande ostar med naturskorpe på geitemjølk og kumjølk. Me brukar myse, restavfall frå ystinga som er kjempegodt, i det meste som blir baka, og geitemjølk i dei gode kanelsnurrane, opplyser Hommo.

Fleire verdsmeistrar i Noreg

Oste-VM, eller World Cheese Awards som er det offisielle namnet, er verdas største arrangement med berre ostar. Det er britiske Guild of Fine Food som er initiativtakar bak konkurransen som kvart år samlar over 4000 ostar og rundt 250 internasjonale osteekspertar for å kåre verdas beste ost.

Noreg deltok i oste-VM for fyrste gong i 2011. Då var det berre Tingvollost frå Nordmøre som representerte Noreg i konkurransen. Fem år seinare vart dei verdsmeistrar med blåmuggosten «Kraftkar». Osten vart same året kåra til Champion of Champions dette året, då den konkurrerte mot, og vann over heile 28 tidlegare verdsmeistrar.

I 2018 fekk Noreg endå ein verdsmeister i oste-VM. Då var det «Fanaost» frå Ostegarden som fekk den gjeve tittelen. Med berre tolv kyr vart Ostegården den minste produsenten som nokon gong har vunne oste-VM.