Doktorgradsstudent i Kviteseid: Silje Aakre jobbar i NC-Spectrum og tek doktorgrad om cyberrisiko.

Silje forskar på risikoen ved å digitalisere

Digitaliseringa har både positive og negative følgjer for oss. Ei av dei handlar om tryggleik og kva me risikerer ved å digitalisere.

Silje Aakre er tilsett i IT-verksemda NC-Spectrum i Kviteseid, og skriv doktorgrad om cyberrisiko.

– Kva er cyberrisiko?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vil seie det er verdiar sett på spel gjennom digitalisering, svarar Aakre.

– Men det kan vere andre som har andre definisjonar, legg ho til.

Aakre er utdanna siviløkonom, og skreiv masteroppgåve om korrupsjon og norske korrupsjonssaker. Seinare vart ho tilsett i NC-Spektrum, men ville gjerne studere meir. Ein doktorgrad freista.

– Eg syntest det var veldig kjekt å vere student, hadde lyst til å ta ein doktorgrad, og nå er eg på nærings ph.d.-ordninga. Det betyr at ei bedrift finansierer graden med støtte frå Norges forskningsråd. Arbeidet med ein doktorgrad inkluderer å forfatte forskingsartiklar. Aakre har også forelese gjennom Nord universitets prosjekt for omskolering av militæroffiserar i Ukraina.

Ho starta i 2018 ved Nord universitet i Bodø. Det betyr litt reising mellom bu- og arbeidsplassen Kviteseid og studiestaden Bodø. I Bodø høyrer ho til eit fellesskap med andre doktorgradsstudentar, og ho får kome tettare på akademia. I Kviteseid er ho ein del av bransjen.

– Noko av det fine med ein nærings-ph.d. er at me kjem tettare på bransjen, og så har eg kanskje betre struktur, eg er jo vant til å jobbe åtte til fire kvar dag.

Ein av grunnane til at det vart Nord universitet og Bodø er at dei er særleg gode på beredskap og kriseleiing, område som er interessante for Aakre og arbeidsplassen. Etter planen er ho ferdig med doktorgraden i 2021, men ho skal framleis jobbe i NC-Spectrum.

Den kritiske infrastrukturen

Tilbake til temaet for forskinga til Aakre, cyberrisiko. Det handlar altså om verdiar som er sett på spel gjennom digitalisering.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva slags verdiar kan det vere snakk om?

– Det kan for eksempel vere informasjon som ein ikkje vil at andre skal ha tak i, eller tilgang til system som er lettare å få tak i når det er digitalt enn når det er ein fysisk nøkkel, forklarar Aakre.

I doktorgraden fokuserer Aakre i hovudsak på kraftbransjen, også fordi NC-Spectrum arbeider ein del med dette.

– Kraftbransjen er ein del av den kritiske infrastrukturen vår, og skal ein tenke krigføring hadde det vore effektivt å ramme kraftbransjen.

Ho påpeikar at dette er veldig lite sannsynleg i Noreg, men det har blitt nytta i krigføring andre stadar.

– I Ukraina har det vore episodar der straumen har blitt kutta, og det er mest truleg russarane som står bak dette.

Både bedrifter og privatpersonar

Aakre har lenge hatt ei stor interesse for cyberrisiko, og meiner det er viktig å ta tak i den økonomiske kriminaliteten. Mange av angrepa er knytt til økonomisk kriminalitet. Dei aller fleste av oss har blitt utsett for svindelforsøk i ei eller anna form. Med digitaliseringa har dette blitt enklare. Rimeleg er det også. Å sende ut e-post er både gratis og enkelt, og kan gjerast frå og til kvar som helst i verda.

– Me ser utruleg mange svindelforsøk retta mot privatpersonar. Det kan vere gjennom e-post, eller Facebook for eksempel. Dei fleste prøvar å svindle til seg pengar, og me ser også at det er folk som utgjer seg for å vere andre enn dei er, for eksempel frå Posten eller helsepersonell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kriminelle kan då få tak i informasjon om menneske og system, til dømes kortinformasjon som kan misbrukast. Aakre arbeider meir med korleis bedrifter kan handtere den nye risikoen, og opplever at det varierer veldig på kor bevisste bedrifter er på dette.

– Det er dei same mekanismane som privatpersonar blir utsett for. Me ser til dømes at det er ein del selskap som får falske fakturaer.

Og det er ikkje nødvendigvis slik at det er lett å avsløre ein falsk faktura. Det kan sjå ekte ut, det kan kome frå nokon som utgjer seg frå å vere sjefen, og vere nær umogleg å avsløre. Aakre er opptatt av menneske i dei tilfella der nokon blir utsett for svindel.

– Det kan vere ein vanskeleg situasjon for enkeltmennesket som har betalt ein faktura eller klikka på ei lenke som viste seg å vere svindel. Dei fleste ønsker berre å gjere ein god jobb, og det må vere lov å gjere feil. Me må hugse på at det alltid er den kriminelle som gjer noko gale.

Ho ønsker openheit frå dei som blir utsett for slik type kriminalitet slik at andre kan lære av det.

Håpar dei blir tre: Silje Aakre tek ein nærings ph.d i NC-Spectrum. Nå håpar ho dei blir fleire doktorgradsstudentar i verksemda.

Håpar dei blir tre

Det er ikkje mange doktorgradsstudentar i ein liten kommune som Kviteseid, men nå kan dei kanskje bli fleire på NS-Spectrum. Bedrifta søker nemleg etter to til.

– Me er i ein prosess med ein person nå, og så får me sjå om det eventuelt blir ein til i løpet av året. Det er løpande opptak til nærings-ph.d., fortel Aakre.

– Det hadde vore veldig fint om me vart fleire, då er me fleire å spele ball med og diskutere med. Personane kan vere med å forme oppgåva mykje sjølv, men det må handle om noko som er relevant for bedrifta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om det også finst ein risiko med å digitalisere, er noko tryggare ved å vere lett tilgjengeleg.

– Om du for eksempel er i ei ulykke er det mykje tryggare at informasjonen om kva blodtype eller underliggande sjukdomar du har er lett tilgjengeleg enn at det står på eit papir ein stad.

I tillegg til at det i nokre tilfelle er tryggare, er det ofte enklare og meir praktisk med digitale system.

– Eg trur ikkje det er noko veg tilbake frå det digitale. Det analoge blir eventuelt eit supplement, men når me endrar verktøy og system endrar me også risikobildet vårt.