Etter fleire år med overskot på svinekjøtt er situasjonen snudd på hovudet på grunn av koronasituasjonen, og Noreg må importere svinekjøtt. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB / NPK

Ribbemangel – tollen på importert svinekjøtt blir senka

Tysdag blir tollen senka på svinekjøtt sidan koronapandemien har bidrege til større etterspurnad. Ifølgje Nortura vil fleire juleribber i år vere importerte.

Stengde grenser og redusert grensehandel har ført til auka sal av norsk svinekjøtt. Veksten i salet er så stor at produksjonen ikkje klarer å halde følgje, skriv Nationen.

Derfor set Landbruksdirektoratet frå tysdag ned tollsatsen på import av svinekjøtt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Forbruket av svinekjøtt er større enn produksjonen. Situasjonen blir grunngitt med koronatiltaka som mellom anna påverkar grensehandelen, skriv seksjonssjef for import i Landbruksdirektoratet i ein e-post til avisa.

Det er første gong på fem år at tollen blir sett ned på svin, og kuttet gjeld frå 13. oktober til 9. november. Tollsatsen er redusert frå 64,96 kroner til 43 kroner per kilo.

– Vi reknar ikkje med at bransjen ønskjer å importere meir enn det som er strengt nødvendig, men det er grunn til å anta at meir av juleribba vil vere importert i år, seier direktør Ole Nikolai Skulberg i Nortura totalmarknad til avisa.

(©NPK)