Statsminister Erna Solberg (H) seier regjeringa legg vekk dei omstridde forslaga til kraftskattutvalet. I haust vart ho vist rundt på det nye Vamma kraftverk ved breidda av Glomma i Skiptvet. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Regjeringa droppar omstridt kraftskattforslag

Regjeringa vil ikkje følgje opp dei omstridde forslaga frå kraftskattutvalet, som ville fråtatt vertskommunane milliardar i direkte inntekter frå kraftverk.

Utvalet foreslo ei omlegging av skattesystemet for vasskraft.

– Vi har gått gjennom forslaget frå utvalet, og vi har funne ut at vi ikkje kjem til å følgje det opp. Viss vi skal gjere endringar, så trur vi ikkje at det er grunnlaget. Endringane må eventuelt kome i dei opphavlege skatteopplegga, seier statsminister Erna Solberg (H) til Adresseavisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vertskommunane ville miste rundt 3 milliardar kroner i inntekter frå vasskraftverka med forslaget frå utvalet. Skatteinntektene skulle i staden gå direkte til staten. Utvalsleiaren, den tidlegare NVE-sjefen Per Sanderud, påpeika likevel at staten kunne fordele desse pengane til kommunane igjen.

Solberg gjer det klart at kommunane ikkje treng vere uroa for å miste inntekter frå sal av konsesjonskraft og skattar.

– Dette tyder at vi har lagt vekk heile forslaget frå utvalet, og i utgangspunktet ikkje har tenkt å gjere endringar, seier Solberg, som viser til at ein stor del av høyringsforslaga som kom inn, var negative.

Kraftskattutvalet tilrådde å avvikle ordningane med konsesjonskraft og konsesjonsavgift. I tillegg meiner utvalet at eigedomsskatten for vasskraftverk bør normaliserast. I dag går inntektene frå desse ordningane direkte til kommunane.

Finansminister Jan Tore Sanner (H) seier dei har valt å lytte til kommunane og næringa i saka.

– Ein gledeleg dag

Det er distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) strålande nøgd med.

– Dette er ein gledeleg dag for distrikta. Inntektene har mykje å seie for kommunane der innbyggjarane og dei lokale styresmaktene legg til rette for at naturressursane kan takast i bruk, seier ho til NTB.

Ho synest ikkje det er urettferdig at kraftinntektene ikkje blir fordelte vidare til andre kommunar, som ikkje har vasskraftverk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har andre fordelingstiltak, men det avgjerande her er at ein har tillit og ønskjer å leggje til rette for bruk av naturressursar, seier ho.

Hofstad Helleland meiner dei same prinsippa for skattlegging i vasskrafta gjerne kan overførast til både vindkraft og havbruk. Men ho understrekar at regjeringa berre har vurdert skattlegginga av vasskraft denne gongen.

– Vi har ikkje tatt stilling til endringar verken for vindkraft eller oppdrett, presiserer ho.

Lette i distrikta

Leiar Hanne Alstrup Velure i Utmarkskommunenes Sammenslutning er letta over avklaringa frå regjeringa. Samanslutninga samarbeider med Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar i paraplyorganisasjonen Naturressurskommunene.

– Framfor å fokusere på endring eller utradering av dei lokale inntektsordningane på vasskraft som har vist seg å vere ein stor suksess både lokalt og nasjonalt, bør heller perspektivet vere: Korleis overføre dei same prinsippa til andre naturressurstypar, skriv Velure i ei pressemelding.

Velure er òg lokalpolitikar for Høgre i Lesja og sit i sentralstyret til Høgre.

Heller ikkje vasskraftselskapa sjølv ønskte forslaget frå Sanderud-utvalet velkomme. Bransjeorganisasjonen Energi Norge har likevel etterlyst mindre endringar i dagens skatteregime som dei meiner vil gjere det lønnsamt å ruste opp vasskraftverka.

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven kommenterer avgjerda på si Facebook-side:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var det einaste fornuftige utfallet, og det var godt at statsministeren gjekk ut og konkluderte slik at det blei ro rundt denne saka.

(©NPK)