Kven skal ta rekninga: Plastembalasjen som me brukar i stadig større mengder er eit stort problem som er dyrt å handterer. Kommunar og næringsliv er ueinge om kven som skal ta rekninga.
Ingeborg Eliassen
Plasten du kastar, er produsenten sitt ansvar. Men du får rekninga
Kvart år betalar innbyggarar i norske kommunar over éin milliard kroner i avfallsgebyr som næringslivet skulle ha tatt, hevdar kommunane sin interesseorganisasjon. Produsenten skal betale for plastemballasjen når den blir avfall. Men kommunane sit att med det meste av rekninga. No ber dei EU sitt kontrollorgan om å gripe inn.
Noko av jobben gjer du gratis når du kjeldesorterer plastemballasjen heime.
Men det kostar pengar når kommunen hentar den, pakkar den og gjer den klar til eksport. Det kostar meir pengar når den blir lasta på bil eller tog og sendt til Tyskland eller Sverige. Og det kostar å få eit anlegg der til å sortere, vaske og gjenvinne det som kan resirkulerast – og brenne resten.
I prinsippet er det forureinaren som skal betale for dette. Selskapa som lagar eller sel Bamsemums i plast eller oppvaskmiddel på plastflaske, har økonomisk ansvar for det emballasjen kostar når den er blitt avfall.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP