Næringsminister Iselin Nybø vil ta med seg innspel frå reiselivsnæringa for å vurdere korleis regjeringa best mogleg kan hjelpe dei ut av koronakrisa. Her er ho under ein pressekonferanse om koronasituasjonen.Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix/ NPK

Nybø vil ha flest mogleg levedyktige reiseverksemder etter krisa

Reiselivet er ei av næringane som er hardast råka av dei økonomiske konsekvensane av koronautbrotet. – Målet vårt er å sikre at så mange levedyktige verksemder som mogleg kjem seg gjennom krisa, seier næringsminister Iselin Nybø.

– Reiselivsnæringa vil at styresmaktene bidrar til å gjera Noreg til eit meir berekraftig reisemål og aukar midlane til marknadsføring. Det er lite midlar igjen i reiselivsverksemdene no, så næringa vil at styresmaktene bidrar med investeringsmidlar, seier næringsministeren til Nynorsk pressekontor.

Vurderer nye tiltak

Torsdag førre veke møtte Nybøe fleire aktørar frå reiselivsnæringa i eit møte der departementet tok imot innspel for korleis reiselivet best mogleg kan komme seg gjennom koronakrisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg fekk mange gode og nyttige innspel, og det var fleire tema som gjekk igjen. Til dømes behovet for å justera og tilpassa kompensasjonsordninga for verksemder med stort omsetningsfall, og behovet for å sikre at dei mest betalingsvillige og berekraftige turistane kjem tilbake til Noreg når reiserestriksjonane blir oppheva, seier Nybø.

Ministeren fortel at dei fekk mange konkrete og konstruktive innspel under møtet.

– Desse er nyttige i det vidare arbeidet med å støtte næringa i denne situasjonen, og gjer det lettare for regjeringa å vurdere behovet for eventuelle nye tiltak, seier ho.

Reisearrangørane er hardt råka

Sjølv om fleire av aktørane under møtet peika på dei same utfordringane, er nokre hardare råka av krisa enn andre.

– Enkelte har det meir krevjande enn andre, til dømes når det gjeld tilgangen på kapital og bortfallet av utanlandske turistar. Til dømes har reisearrangørane det utfordrande, med plikt til å refunderte avlyste reiser. Dette prøver regjeringa å finne moglege løysningar på, fortel ministeren.

– Målet vårt er å sikre at så mange levedyktige verksemder som mogleg kjem seg gjennom krisa, avsluttar ho.

(©NPK)