Omstillingsturné: Hans Jacob Edvardsen frå Telemark fylkeskommune var på ein liten turné til dei ferske omstillingskommunane i fylket, og spanderte kake på kommunestyra i både Kviteseid og Nissedal.

No startar omstillingsarbeidet: – Ein moglegheit til å koma i angrepsposisjon

Kommunestyret i Nissedal vart torsdag førre veke orientert om oppstartsfasen i omstillingsprogrammet. Politikarane valde også representantar til omstillingsstyret.

I saka til kommunestyret forklarte administrasjonen at 2024 fyrst og fremst er eit førebuande år, og ikkje å rekne som driftsår.

– Kommunen har ei målsetting om at omstillingsprogrammet er i drift frå 2025, kor ein kan begynne målretta arbeid mot næringsutvikling og bulyst, skriv sakshandsamar, næringssjef Olav Kiland i saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig å tilsette ein programleiar, slik at vedkommande får eigarskap til prosessen og programmet. Vidare er det viktig å sette eit styre for programmet, for at styret også får eigarskap og kjennskap frå starten av prosessen, held Kiland fram.

– Kort fortalt er målet med programmet å auke talet på innbyggjarar og talet på arbeidsplassar i kommunen, summerte ordførar Ian Parry-Jones opp for kommunestyret.

Positive ringverknadar

Politikarane fekk så ein grundigare gjennomgang av programmet frå Hans Jacob Edvardsen i Telemark fylkeskommune.

– Det er om lag tjuge omstillingskommunar i landet. Av dei har me fire (Kviteseid, Nissedal, Drangedal og Kragerø, red. merk). Me er stolte av å vera grådige på desse, sa Edvardsen.

Han var oppteken av å få fram at det er positivt å bli omstillingskommune.

– Mange kan nok bli litt skeptiske av omgrepet – det luktar litt Robek av det, sa Edvardsen.

– Men det er eit kvalitetsstempel. Kommunen erkjenner at ein har utfordringar, men uttrykker også eit ynske om at ein vil gjere noko for å løyse desse. Nå får de høve til å gjere noko med dette, heldt han fram.

Historisk sett var ordninga retta mot arbeidsplassar, og det var ofte kommunar som hadde mista store arbeidsplassar som fekk støtte. I lys av ei evaluering av programmet og distriktsmeldinga frå regjeringa, fortalde Edvardsen at ein no ser annleis på det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det handlar ikkje berre om arbeidsplassar. Samanlikna med for ti–tjuge år sidan, då det i stor grad var arbeidsplassane som mangla, har ein no ofte andre utfordringar – no er det ikkje arbeidsplassane som manglar, det er folka, sa Edvardsen.

– Det er eit samansett bilde, for å få folk må ein vera attraktiv og ha nok bustader. Veldig ofte er det ikkje næringsattraktiviteten som veg tyngst, det er stadsattraktiviteten, heldt han fram.

Han skildra effekten av omstillingsprogrammet for kommunane som er med.

– Ein får litt større handlingsrom enn ein har elles, som gjev ein moglegheit til å koma meir i angrepsposisjon, sa Edvardsen.

Han understreka også at prosjektet har ringverknadar utover at talet på arbeidsplassar og innbyggjarar i kommunen aukar.

– Dei måla ein set seg, som tal på nye arbeidsplassar, klarar ein som regel å nå. Men det er også mykje anna som skjer i samanheng med dette.

– Det skjer noko med kulturen. Kommuneadministrasjonen byrjar å snakke litt annleis om det som skjer på utsida av kommunehuset. Ein snakkar annleis internt på kommunehuset, og ein byrjar å omtale og sjå kvarandre på ein annan måte, heldt Edvardsen fram.

Men nokon dans på roser på vegen dit kunne han ikkje garantere for.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein har mål om å flytte seg frå ein stad til ein annan. Då er det slik at ein må gje slepp på noko, og det er ikkje berre strake vegen. Det er også krevjande arbeid å få til dette, sa Edvardsen.

Fire fasar

Edvartsen orienterte også om dei ulike fasane av omstillingsprogrammet. Ein har fyrst ein avklaringsfase, der ein set av midlar og blir vald ut til å vera med. Deretter fylgjer ein strategi/oppstartsfase, der både Nissedal og Kviteseid er no, før ein går inn i gjennomføringsfasen, der dei praktiske tiltaka blir gjennomført. Drangedal er på dette stadiet av programmet, medan Kragerø er inne i den fjerde og avsluttande fasen. I tillegg til desse fire er Fyresdal og Tinn begge nettopp ferdige med omstillingsprogrammet.

– Me kjem til å herje litt med dei tre kommunane som er inne no (Nissedal, Kviteseid og Drangedal), for me er ganske sikre på at det er nokre felles utfordringar det er lurt å snakke saman om, sa Edvardsen.

Han viste også til bygdevekstavtala som kommunane i Vest-Telemark har signert.

– Dette vil også gje momentum inn i arbeidet. Det er viktig å få desse gode kreftene til å verke saman.

Edvardsen førespegla at Nissedal er i løypa til å starte omstillingsarbeidet for fullt, altså gjennomføringsfasen, frå hausten av, dersom omstillingsplanen blir utarbeidd i løpet av våren.

Valde styre

Det politikarane vedtok i saka torsdag var kven som skal sitje i omstillingsstyret, utover representantar frå fylkeskommunen og Innovasjon Noreg. Styret skal ha representantar både frå politikken og privat næringsliv, med ein overvekt av sistnemnde. Ordførar og varaordførar vart føreslått som dei politiske representantane.

Når det gjeld næringslivsrepresentantane var tilrådinga frå kommunedirektøren forslag om Rune Johansen, Dag Sønderland, Herdis Gautefald, Lars Gunnar Veum og Ellen Sofie Skansen. Paul-Willy Setane fremja, på vegner av Ap, forslag om å få inn Thomas Svendsen og Anne Margrethe Espelid i styret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved votering vart kommunedirektørens tilråding sett opp mot framlegget frå Ap, og vart til slutt vedteken med 11 mot 6 røyster. Desse får dermed plass i det nye omstillingsstyret:

Ordførar Ian Parry-Jones, varaordførar Geir Christian Enger (politiske representantar) Rune Johansen, Dag Sønderland, Herdis Gautefald, Lars Gunnar Veum og Ellen Sofie Skansen (frå næringslivet).

Kommunen arbeider også med å tilsetje ein programleiar. Administrasjonen i kommunen opplyser til VTB at dei har engasjert eit rekrutteringsbyrå til å ta seg av dette – då kommunen vil ha fleire å velje på enn dei åtte søkjarane i fyrste runde.

Til den same jobben i Kviteseid kommune kom det også åtte søkjarar.