NHO skuffa over krisepakken til regjeringa: – Det er ikkje nok

NHOs administrerande direktør Ole Erik Almlid meiner bedriftene sit att med ein for stor del av rekninga i krisepakken til regjeringa.

– Vi fekk fleire viktige avklaringar i dag, men det er ikkje nok. Bedriftene blir sitjande med ein så stor del av rekninga at arbeidsplassar står i fare, seier Almlid i ein skriftleg kommentar til NTB.

Han meiner ansvaret til arbeidsgivar må vere det same uansett om ein tilsett er permittert, heime med barn eller i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette må på plass med ein gong, seier Almlid.

(©NPK)