NHO-sjef Ole Erik Almlid meiner at den nye kompensasjonsordninga til bedriftene var heilt nødvendig. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

NHO-sjefen: – Ein tsunami over norske bedrifter

Den nye krisepakken til bedriftene vil gjere at bankar, leverandørar og utleigarar lettare kjem på banen, meiner NHO-sjefen.

– Ein tsunami har rulla innover norske bedrifter. Nokon har mista alle inntektene sine over natta, og det blir verre, seier administrerande direktør Ole Erik Amlid i NHO.

Han understrekar at det ikkje går an å løyse krisa med lån, men at det må til kontantar på bordet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Pengane frå staten er heilt nødvendige. Skapar vi tryggleik for at bedriftene kan klare seg gjennom dette, vil òg bank, leverandørar og utleigar kunne stille opp, seier Amlid.

Han oppmodar bedriftene om å hjelpe og ta vare på kvarandre i den krevjande situasjonen.

– Dei som har moglegheit, må bestille varer og tenester av kvarandre, seier Almlid.

Han understrekar at det blir jobba intenst for å avgjere store og små spørsmål, slik at ordningar er oppe og går så raskt som i det heile mogleg.

(©NPK)