NHO-kåring: – Fyresdal er årets næringslivskommune

Den minste kommunen i Vestfold og Telemark er den beste næringslivskommunen i landet blant dei med færre enn 15 000 innbyggjarar.

Det meiner NHO og KS. I dag blei det offentleggjort at Fyresdal er best av «dei minste» og Halden kommune er best av «dei største» (over 15 000 innbyggjarar).

– Det å leggje til rette for næringslivet er det me brukar mest tid på – og det er me avhengige av for å bestå som kommune, sa ordførar Erik Skjervagen (Ap) til VTB då det blei kjent at kommunen var blant dei nominerte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Verdige verdiar

– Halden og Fyresdal er to verdige vinnarar som på kvar sin måte kan inspirere andre med måten dei legg til rette for næringslivet for. Kommunar som lukkast med eit velfungerande næringsliv blir også attraktive lokalsamfunn med arbeidsplassar og aktivitet, seier administrerande direktør i NHO, Ole Erik Almlid i ei pressemelding.

– Kommunar som legg til rette for næringsutvikling bidrar til at bedriftene får viktige konkurransefortrinn. Eit velfungerande næringsliv gjev auka sysselsetting, auka inntekter til kommunen og ikkje minst betre tilbod i lokalsamfunnet. Samspelet mellom kommunar og næringsliv er derfor viktig, og KS og NHO jobbar for å styrke dette samarbeidet, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen.

Dei andre nominerte var Sandefjord, Narvik (over 15 000 innbyggjarar), og Røst og Åmli kommune (under 15 000 innbyggjarar).

Les også
Kan bli årets næringslivskommune: – Det å leggje til rette er det me brukar mest tid på
Juryen

Lasse Billington (NHO)

Hallvard S. Mørck (NHO)

Ingvild von Krogh Strand (NHO)

Martin Skramstad (KS)

Øystein Høyvik (KS)

Gustav Weiberg-Aurdal (KS)

Om Fyresdal skriv juryen

«Fyresdal kommune legg stor vekt på godt samarbeid med næringslivet. Kommuneadministrasjonen og næringslivet er samlokalisert i felles kontorbygg. Kommunen er i gang med rullering av kommuneplanens samfunnsdel, der overordna mål er «Bulyst og næringsutvikling».

For å legge til rette for bedrifter som treng arbeidskraft, gjennomfører Fyresdal kommune arkitektkonkurranse for å utvikle attraktive buformer.

Eitt av årets mest heftige reisemål i ligg i Fyresdal – Tretoppvegen. Her kan du både rusle og trille 15 meter over bakken på ein 1 kilometer lang universelt utforma plankeveg på stolpar.

Kommunen jobbar aktivt for å sikre energiforsyning. Dei har mellom anna har etablert MYLDR Energipark Fyresdal AS. Her skal det bli lagt til rette for sirkulærøkonomi og berekraftig ressursbruk som skapar framtidas arbeidsplassar.

I nominasjonen blir det gode samarbeidet poengtert og servicen kommunen har overfor næringslivet.»