Samarbeid: Utflytta kviteseiding og naprapat Monica Aschim (t.v.) startar opp ein liten filial i lokala til frisørsalongen Balanzera som Trude Lundevall driv i Kviteseid sentrum.

Nå opnar Monica filial i heimbygda

Monica Aschim har drive eigen naprapatklinikk i Oslo i mange år. Nå opnar ho ein liten filial i Kviteseidbyen.

– Kva gjer ein naprapat?

– Ein naprapat jobbar med muskel- og leddplager, og brukar då primært «hands-on» teknikkar, som vil seie ein manuell behandlingsform, forklarar Aschim.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Som naprapat undersøker eg, for å finne kva strukturar som er påverka hos kundens plager eller smerter. Deretter behandlar eg dei musklar, ledd, sener og bindevev som eg avdekker under undersøkinga, og utifrå sjukdomshistoria. Ofte er 2-5 behandlingar nok. I tillegg gjev eg tips, råd og øvingar som vil hjelpe personen, og dessutan virke førebyggande på sikt, legg ho til.

Den utflytta kviteseidingen har utdanning som naprapat frå Naprapathøgskolan i Sverige. Saman med mannen har ho drive eigen klinikk i Oslo i mange år, men nå vil ho også i periodar «flytte» klinikken til heimbygda.

– Kan du nemne nokon eksempel på plager du kan hjelpe med?

– Typiske plager eg jobbar med kvar dag er hovudpine, nakkeplager, skulder- og armplager, ryggplager, isjias, hofte- og kneplager, fot- og akillesplager. Eg jobbar også med kroppshaldning, såler og behandling av gravide og plager eller utfordringar etter graviditet, fortel Aschim.

I mai 2022 vart naprapatar godkjent offentleg helsepersonell.

Aschim fortel at ho nyttar seg av fleire ulike behandlingsteknikkar under ei og same behandling, og desse kan variere frå behandlingstilfelle til neste.

– Blant teknikkar eg brukar er massasje, triggerpunktspressur, manipulasjon, mobilisering, tøying og nåler. Eg er veldig opptatt av resultat, målet er mindre smerter og meir funksjonell kropp for kunden. Eg brenn veldig for dette og jobbar med stor nysgjerrigheit, iver og gir meg ikkje så lett, fortel ho.

– Til dagleg jobbar eg både på klinikk og ute på bedriftsoppdrag, sistnemnde for å behandle muskel- og leddplager, og dessutan førebygge sjukefråvær hos desse, legg ho til.

Artikkelen held fram under annonsen.