Fekk pris: Bjørg Taraldlien Hopland og Kim Akerø Hopland.

Nå har Bjørg og Kim fått endå ein pris: – Utnyttar beiteressursane til å produsere sau- og lammekjøtt av høg kvalitet

Telemarklam har vunne bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Vestfold og Telemark.

Ekteparet Kim og Bjørg T. Hopland i Fyresdal kombinerer tradisjonsrikt sauehald i Vest-Telemark med fokus på godt dyrehald og god utnytting av fjellets beiteressursar. Saman med 11 andre bønder har dei skapt ein attraktiv merkevare for kvalitetskjøt av sau og lam.

Telemarklam sel lammekjøtt, pinnekjøtt og fenalår laga av dyr som kjem rett frå fjellbeite i Telemark. Ikkje sluttfora på kraftfor. Pinnekjøttet er laga av stykningsdelar frå heile dyret, slik at kunden får meir kjøt enn ved «vanleg» pinnekjøtt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei jobbar for å bygge opp ei merkevare som skal bety noko. Ikkje berre for dei, men for alle dei andre bøndene rundt seg. Dei har fått utvikla gode nettsider, filmar og jobba aktivt med marknadsføring og merkevarebygging. På sikt ønsker dei at Telemarklam skal vere eit naturleg val for kundar som er opptatt av berekraft, reine råvarer og norsk tradisjon, melder Innovasjon Noreg i ei pressemelding.

Fekk pris

Fredag fekk dei prisen på garden i Fyresdal.

Frå venstre: Bjørg Taraldlien Hopland, Kim Akerø Hopland, Anniken Fægri Damm-Larsen, Sondre Aasan, Tore Øystein Strømsodd, Olav Sandlund, Aslak Snarteland.

– Denne prisen er ei utruleg hyggeleg anerkjennelse av det arbeidet me har lagt ned. Me har jobba mykje med marknadsføring for å kunne ta den posisjonen som vi ønsker å ha på berekraft og reine råvarer, seier Kim Hopland i Telemarklam AS.

Dei jobbar også med at bøndene skal føle stoltheit i det å drive godt, utnytte naturressursar på ein god måte, og samtidig tene pengar. Telemarklam ønsker å bygge vidare på ein meirverdi på dyr som kjem rett frå fjellet.

– Telemarklam AS utnyttar beiteressursane i Fjell-Telemark og vestover mot Setesdalsheiene til å produsere sau- og lammekjøtt av høg kvalitet. Saman med 11 andre bønder har dei jobba smart i nettverk for å stå sterkare saman. Med dette som utgangspunkt har dei utvikla ein solid og spennande merkevare, seier leiar for Innovasjon Norge i Vestfold og Telemark, Anniken Fægri Damm-Larsen.

Ho er også leiar for juryen som har kåra vinnaren.

Telemarklam meiner det er viktig at sauebonden får ekstra godt betalt for kvalitetsmaten sin og håper at dei kan bidra til at mykje lammekjøtt frå regionen blir sett pris på. Eit konkurransefortrinn vil vere at de har ein tydeleg geografisk identitet, høg kvalitet og eit interessant produkt som skil seg ut frå marknaden ved å bruke heile dyret til eit dyrt eksklusivt sluttprodukt.

– Me ønsker å framheve regionen vår, jobbe saman med bøndene lokalt og sørge for å levere eit verkeleg berekraftig produkt til våre kundar, seier Bjørg Hopland i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sauer på beite.

Grunngiving for val av vinnar

Juryen har vektlagt det berekraftige elementet i verksemda. Alt kjøttet som går inn i produksjonen til Telemarklam skal kome frå dyr som kjem rett frå fjellet. Dyra skal ikkje sluttforast på kraftfôr. Dei lagar dessutan pinnekjøtt av heile dyret, noko som ingen andre gjer. Når heile dyret blir bruka blir det heller ikkje noko svinn.

Vidare får alle bøndene som leverer til Telemarklam ein meirpris for råvarene samanlikna med kva dei får frå andre mottakarar av råvarer. Dette gjer dei fordi dei meiner at bøndene skal få betre betalt for sine fantastiske råvarer.

– Summen av dette gjer Telemarklam AS til ei innovativ bedrift og ein verdig vinnar av årets pris, seier juryleiar Anniken Fægri Damm-Larsen.

Juryen

Anniken Fægri Damm-Larsen, direktør Innovasjon Norge, Vestfold og Telemark, leiar

Tore Øystein Strømsodd, seksjonsleiar i avdeling for Næring, innovasjon og kompetanse, Vestfold og Telemark Fylkeskommune

Olav Sandlund, Landbruksdirektør hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Aslak Snarteland, leiar Vestfold og Telemark Bondelag

Sondre Aasan, leiar Telemark Bonde- og Småbrukarlag

Audun Tvedten, leiar Vestfold Bonde- og Småbrukarlag