At Krødsherad kommune, med mellom anna Norefjell Skisenter, mistar inntekter to år på rad er dramatisk, meiner ordførar Knut Martin Glesne (Tverrpolitisk Bygdeliste).Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK

Massive avbestillingar hos påskeaktørane: – Det får enorme konsekvensar

Årets påskeferie såg ut til å gi hyttekommunane eit stort løft. No opplever dei store avbestillingar. Det vil få enorme konsekvensar, meiner Virke Reiseliv.

Virke Reiseliv, som organiserer bedrifter i reiselivsbransjen, har gjennomført ei undersøking rundt årets påskeferie. Reisemål i fylket Viken er blant dei mest populære. Blant dei som har svart at dei sannsynlegvis vil vere i Noreg i påska, har 24 prosent fylket som reisemål. Undersøkinga viser at totalt 31 prosent har planlagt å ta påskeferie i år.

– Vi fekk beskjeden om at det ville bli mogleg med påskeferie for nokre veker sidan, men etter det har vi fått fleire innstrammingar. Ein trudde at ein skulle få lov til å reise på hotell i eige land, medlemmene våre som driv skidestinasjonane har meldt om gode tal. Det såg ut som at påska kunne hjelpe vinteraktørane over kneika etter ein vanskeleg vintersesong, seier leiar Astrid Bergmål i Virke Reiseliv til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tala viser òg at 24 prosent av dei som har planlagt å ta påskeferie, ville halde til på hotell eller på eit anna overnattingstilbod i landet, dersom det ikkje hadde vore restriksjonar. Ei lovande påske for hotellbransjen ser derimot ut til å gå i vasken.

– Vi høyrer no om massive avbestillingar på hotella. Det får enorme konsekvensar sidan påska i fjor vart avlyst. Det som er trist for desse verksemdene er at det var fleire enn nokon gong som hadde planlagt hotellpåske, og veldig mange av dei i Viken, fortel ho.

Regjeringa må vakne

Krødsherad er ein av hyttekommunane som har vorte sterkt påverka av tiltaka styresmaktene innførte i Viken for ei snau veke sidan.

– Når inntektene blir borte for etablissement to år på rad, så er det dramatisk. No som vi har flotte vinterforhold, har vi forventa mange påsketuristar. Dei kan framleis komme, men det veldig annleis, fortel ordførar Knut Martin Glesne (Tverrpolitisk Bygdeliste) i Krødsherad kommune til NTB.

Virke Reiseliv krev at reiseaktørane no får meir hjelp. Dei meiner mellom anna at regjeringa må vakne og ta inn over seg behovet for ytterlegare hjelpetiltak for dei som blir ramma av nedstengingane.

– Fleire aktørar må no sende tilsette rett i permisjon, mat og drikke går til spille, og aktørane får store kostnader knytt til dette. Det er ting dei må få hjelp til. Regjeringa må følgje opp vedtaket om å ta tapt varelager inn i kompensasjonsordninga, og det må komme hjelp til å dekkje permisjonskostnadene som følgjer av dei plutselege nedstengingane, meiner ho.

Godt samansveisa

Innlandet er eit anna fylke som pleier å trekkje til seg mange påsketuristar. 25 prosent av dei som planlegg påskeferie, har fylket som reisemål, ifølgje undersøkinga

Ordførar Jon Halvor Midtmageli (Sp) i Øyer kommune, som husar Hafjell alpinsenter, fortel at kommunen og næringslivet er godt førebudde på påsketuristar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er godt sammensveisa og er klare for å ta imot påsketuristane. Det er jo slik at vi køyrer med redusert kapasitet, mellom anna i Hafjell. Men vi håpar jo at vi kan ha ope og ha ei så normal påske som mogleg, seier han til NTB.

(©NPK)

Leiar Astrid Bergmål i Reise Virke fortel at det såg ut som at påska kunne bli ferien som kunne hjelpe vinteraktørane over kneika etter ein vanskeleg vintersesong.Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Øyer kommune, som husar Hafjell alpinsenter, fortel at dei er klare for å ta imot påsketuristar.Foto: Geir Olsen / NTB / NPK