Maskinførar Jørgen (70): – Eg burde vel slutta, men det er så moro
På dag 2 av 14 på tolvtimarskiftet i 50-tonnaren finn me ein nøgd Jørgen Reinskås frå Vråliosen. Nesten heilt på toppen av steinbrotet reinskar 70-åringen fjellet reint slik at karane med boreriggen skal klargjere for sprenging av masse til nye Kjela dammar.
Sola glimtar fram mellom skyene, og temperaturen er god på Haukelifjell. Skarpe lydar frå jord som blir skrapa bort av reint berg med den store skuffa. Lukta av stein og masse ligg i lufta. Jørgen Reinskås lyfter den store skuffa opp og plasserer ho roleg ned med tennene mot berget, stoppar gravaren og smiler medan han kliv ned frå ei av to maskiner som jobbar i bergknausen i dag.
– Det er noko anna enn brøyten eg starta å jobbe i som 16-åring. Det var ikkje same komforten då med jernsete med ei pute i, og ei skranglete rund hytte med fire spakar å styre med, seier Reinskås og ler.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han er glad for at tidene har endra seg. Med betre maskiner, meir komfort og ikkje minst meir fokus på tryggleik for dei tilsette i anleggsbransjen.
– Ein strekte nok strikken meir før, trur han.
Frå lokalt til heile Noreg
Jørgen starta å jobbe i verksemda til far sin, Tor Reinskås shoveldrift, på 1960-talet.
– Eg begynte eigentleg i Vegvesenet, men det blei for kjedeleg. Eg masa på far min om å få jobbe for han, og til slutt gav han seg og det blei mest arbeid med gravemaskin heimomkring etter det. Eg minnest at den fyrste maskina mi var ein Brøyt 1962-modell, fortel han.
Seinare var det Jørgen og hans tre brør som tok over maskinentreprenør-verksemda i Vråliosen som kalla seg Tor Reinskås og søner AS.
– Me dreiv saman til 2010, då avvikla me og eg starta å jobbe hos Hæhre, seier Jørgen og fortel om arbeidsoppdrag på E18 i Larvik, ved Langangen, i Kirkenes, Mo i Rana og Brønnøysund.
– Eg har stortrivst i Hæhre, og har alltid synest jobben har vore og er grueleg interessant. Eg har trivelege kollegaer og det er eit flott miljø. Om ein engasjerer seg i arbeidet sitt, blir det ekstra interessant og ynskjer ein å bidra får ein ansvar, meiner maskinføraren.
– Får du dele erfaringar og kome med innspel til arbeid de jobbar med?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ja, eg får lov til å seie meininga mi, seier han med eit smil.
Ein mann i tung maskin
I juli for to år sidan jobba Jørgen på eit industriområde i Larvik, men arbeidsformannen spurde om han kunne kome til eit pukkverk i Porsgrunn for å hjelpe til ein dag. Jørgen sa sjølvsagt ja, sidan han syntest det er interessant å sortere stein som skal bli lasta på bil og frakta ut i Europa.
Han jobba i ein 50-tonnar, og då han sat i gravemaskina fekk han auge på ei stor steinblokk oppe i den sprengde fjellsida. Han klatra oppover med den store gravaren for å rigge seg ein lagleg plass.
Jørgen fortel at han bygde ein pall av stein slik at han kunne nå bort til den store steinblokka. Den erfarne gravemaskinføraren dytta til steinen med gravemaskinskuffa – blokka losna og fall ned slik den erfarne gravemaskinføraren hadde tenkt.
– Men det skulle vise seg at steinblokka fungerte som ein låsekil, og nå losna heile stuffen på over 20 meter over meg, fortel Jørgen.
Ein del stein treffer skuffa på gravemaskina. 50-tonnaren tippar rundt i eit heftig kast oppe i sida av pukkverket. Både skytebasen og ein boreriggar står på toppen av fjellet og ser gravaren forsvinne kast i kast i ei støvsky nedover fjellsida, dei trur maskinføraren blir gravlagt.
Jørgen mistar medvitet medan han blir slengt veggimellom inne i gravemaskinhytta. Når lyden av maskina som slår i stein stilnar og støvføyka legg seg, krabbar Jørgen ut, han lever.
– Det sit framleis i
Jørgen kom heldigvis frå ulykka med få skadar. Ei øydelagt hofte og nokre tenner gjekk.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Reparasjonane på gravemaskina kosta rundt to millionar kroner, fortel han.
Etter ulykka tok det nesten eitt år før Jørgen kom seg i arbeid att. Han fekk reparert tennene som blei slått lause i ulykka, og har gjennomført ein hofteoperasjon, som blei langt meir omfattande og problematisk enn planlagt då det resulterte i både ein nyrebekkenbetennelse og blodforgifting.
– Eg søkte yrkesskadeerstatning, og forsikringsselskapet meinte at eg hadde krav på 36 000 kroner. Dei meinte hofta mi var utsliten frå før, seier maskinføraren oppgjeven og legg til at han kontakta Norsk Arbeidsmandsforbund der han har vore medlem i alle år og kopla inn advokat i saka som enno ikkje er endeleg avgjort.
Jørgen fortel at han har slite mykje med å få sove og slappe av etter ulykka, sidan vonde bilde frå hendinga har dukka opp i tankane. Trass i den alvorlege ulykka, er gleda og iveren etter å stå i arbeid svært stor, men nokre oppgåver må Jørgen halde seg unna.
– Eg jobba litt innunder fjellet ein dag her oppe på Haukelifjell, då kom tankane og kjenslene. Eg kjente det blei vanskeleg å puste. Eg såg seansen føre meg att. Då måtte eg melde frå at eg måtte bytte plass, jobbe ein annan stad med gravaren, då ordna det seg, fortel han.
– Har du hatt fleire skumle hendingar i dine over 50 yrkesaktive år som gravemaskinførar?
– Ja, det var ein episode på Dalen i 1974. Eg svinga rundt gravemaskina og då eg snudde meg rasa det ei stor steinblokk over motorkassa på maskina. Eg fekk ingen skrammer i hendinga, men det er klart det sat i og gjev ein støkk den gongen også, seier han.
Det er moro å jobbe
Jørgen fortel at folk spør om kvifor han gidd halde på. Kvifor han ikkje blir pensjonist i staden.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Etter 54 år i gravemaskina har eg jo litt erfaring, då, seier han og smiler nøgd.
– Eg burde vel slutta å arbeide kanskje, men eg synest det er så moro. Så lenge Hæhre vil ha meg her, blir eg i maskina.