LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og Jørn Eggum møter pressa i samband med streiken.Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

LO klare til å streike så lenge som nødvendig

– Toppleiarane har løyvd seg store lønnstillegg, men vel å avfeie norske arbeidstakarar med smular, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.

Etter mekling 17 timar på overtid vart det brot i meklinga mellom LO og NHO søndag.

Frå klokka 6 i dag er rundt 23 000 LO-medlemmer i privat sektor i streik.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei tilsette skal ha sin del av verdiskapinga. Vi er klare for å streike så lenge det krevst, seier Følsvik.

LOs hovudkrav har vore å sikre auka kjøpekraft, motverke låglønn og prioritere likelønn. Når kravet om auka kjøpekraft ifølgje LO ikkje vart innfridd, enda det med konflikt.

– Eg vil understreke at det er heile LO som no er i konflikt med NHO, sa eit alvorsprega LO-leiar på ein pressekonferanse søndag kveld.

Følsvik understreka det historiske suset over avgjerda.

– Dette er den første konflikten i eit mellomoppgjer sidan krigen og den første LO-streiken på 23 år. Sjølvsagt er det ikkje ein situasjon vi har ønskt oss. Det er alvorleg for dei som går ut i streik og som heller ville gått på jobb, seier ho.

– To år på rad har fleirtalet av arbeidstakarane opplevd at prisveksten har vore høgare enn lønnsveksten, og det siste året har delen til arbeidstakarane av verdiskapinga falle. Dette er ei utvikling som må snu, seier ho.

NHO-sjef Ole Erik Almlid seier arbeidsgivarsida har strekt seg svært langt for å unngå konflikt med LO i mellomoppgjeret.

– Det er med vemod vi registrerer at vi har komme i konflikt. Vi strekte oss veldig langt, og gjorde alt vi kunne, seier Almlid.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)