Kundane hjelper verksemda framover
Vest-Telemark Kraftlag takkar for dei konstruktive tilbakemeldingane verksemda fekk inn i kundeundersøkinga dei hadde ved årsskiftet.
Margit Nordstoga ved Vest-Telemark kraftlags kundesenter fortel dei fekk inn mange konstruktive tilbakemeldingar i undersøkinga, som gjekk føre seg ved årsskiftet.
– Det var ein del spørsmål og tilbakemeldingar om appen vår, sanntidsforbruk, fakturaspørsmål, smartlading og solkonto, opplyser kundeavdelinga i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mange av problemstillingane som kom fram i undersøkinga vil bli inkluderte i spørsmål og svar-seksjonen på nettsida deira.
Ei rekke av tilbakemeldingane omhandla dei fysiske anlegga, og at desse er nettselskapet til VTK-konsernet, Telemark Nett, sin eigedom.
– Vest-Telemark Kraftlag AS som kraftleverandør får ikkje handtert desse sakene, opplyser kundeavdelinga.
Selskapsstrukturen var også eit tema i uttala – i 2021 gjekk selskapet gjennom ein fisjon, og vart delt i tre:
Morselskapet Vest-Telemark Kraftlag Holding AS har to dotterselskap, nettselskapet Telemark Nett AS og kraft- og fiberselskapet – som ber det gamle namnet – Vest-Telemark Kraftlag AS
– Me i Vest-Telemark Kraftlag takkar alle som tok seg tid til å svare på undersøkinga. Svara er til god hjelp i vårt vidare arbeid med å vera ein påliteleg, føreseieleg og imøtekomande kraftleverandør for våre kundar, uttaler kundeavdelinga.