Av sauene som blei tekne av rovdyr i fjor, blei det fastslått at 1945 var tekne av ulv. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK

Kraftig auke i talet på sauer som vart tekne av ulv i fjor

Staten har utbetalt erstatning for 1945 sauer som vart tekne av ulv i fjor. Det er ein kraftig auke frå 2022.

Statsforvaltarane utbetalte i alt erstatning for 17 273 sauer som vart tekne av rovdyr i fjor, viser nye tal frå Miljødirektoratet. Det er ein auke på 1 167 sauer frå 2022.

Totalt fekk sauebøndene utbetalt litt over 51,5 millionar kroner for sauene som gjekk tapt til rovdyr i fjor. Det vart søkt om erstatning for 34 551 tapte sauer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av sauene som vart tekne av rovdyr i fjor, vart det fastslått at 1 945 var tekne av ulv. I 2022 vart det utbetalt erstatning for 685 sauer som vart tekne av ulv. Talet på ulvetekne sau i fjor er det høgaste sidan 2018.

Jerv var i fjor, som tidlegare år, rovdyret som tok flest sauer. I alt vart det utbetalt erstatning for 7 101 sauer der jerv var skadevaldar, som utgjer 41 prosent av alle dei erstatta sauene. Gaupe tok 24,1 prosent, kongeørn tok 12,9 prosent, ulv tok 11,2 prosent og bjørn tok 4,7 prosent av sauene det vart utbetalt erstatning for.

Statsforvaltaren utbetaler også erstatning for tamrein som blir tekne av rovdyr. I beitesesongen 2022/2023 vart det utbetalt nærare 88,5 millionar kroner for 20 484 erstatta reinsdyr. Gaupe, jerv og kongeørn stod for rundt 30 prosent kvar av tapa.

(©NPK)

Her finn du rovdyrdatabasen.