Høgste sum: Tre verksemder fekk 150 000 kroner i tilskot. Ei av desse var Nutheim i Flatdal.

Kommunen har fordelt 2,5 millionar. Desse fekk energistøtte i Seljord

I alt 36 verksemder søkte om støtte som kompensasjon for høge kostnadar med straum og drivstoff. No har kommunen fordelt dei 2,5 millionar løyvde kronene.

150 000 kroner var det høgaste beløpet som blei tildelt. Denne summen gjekk til Seljord bil AS, Aasmundsen bakeri AS og Nutheim gjestgiveri AS. Tre verksemder fekk nesten like mykje, 145 000 kroner: Granvin kulturhus AS, Telemark godslinjer AS og Øyland mat AS.

Éin søkjar fekk meir enn dei søkte om. Studio H Frisør v/Anette Meinstad søkte om 19 661 kroner, men kultur- og næringssjef Asbjørn Storrusten høgna og runda av til 20 000 kroner. Midlane, totalt to og ein halv million kroner, blei sett av i kommunebudsjettet for inneverande år for å kompensere lokale verksemder som har fått svekka resultat på grunn av dei høge energikostnadane i fjor, går det fram av referatsaka som blei lagt fram for formannskapet tidlegare denne månaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frisørsalong: Studio H, som held til i den tidlegare Lindstølbui på Brøløs, var det einaste føretaket som fekk meir enn dei søkte om. Summen var likevel ikkje av dei største; kompensasjonen blei på 20 000 kroner.

Løyvde til seg sjølve

Eitt firma fekk 130 000 kroner i tilskot. Det var SN eigedom AS. Kven eig så dette? Jau, Seljord kommune eig sjølv 14 prosent av selskapet. Største askjeposten har Vest-Telemark næringsbygg AS med 43 prosent. Og kven eig så dette selskapet? Jau, her eg også Seljord inne på eigarsida. Kommunen har 11 prosent av aksjane viser den nettbaserte søkjetenesta proff.no. Dei største eigarane elles er Tokke, Fyresdal, Kviteseid og Vinje kommunar.

Stønad: Sanden camping fekk 110 000 kroner i tilskot. Her er campingplassen på Manheimstrondi sett frå Garvik-sida.

Sanden camping fekk 110 000 kroner, medan Seljord camping fekk 100 000 kroner, det same som Seljord hotell. 100 000 kroner fekk også Nordbygdi handel AS v/kontaktperson Kenneth Solås og Telemark bilruter buss AS v/kontaktperson Tellef Solås. Tellef Solås hadde også søkt om stønad til selskapet Brøløsvegen 7 AS og til Telemark bilruter eigedom AS, men ingen av desse fekk ei einaste krone. Av alle dei 36 søknadane som hadde kome inn innan fristen som var 1. april, var det berre desse to som blei avslegne.

Mellom 10 000 og 80 000 kroner

Neste sats er 80 000 kroner – ein sum som blei Seljord autosenter AS v/Kjell Birger Teigen til del. Både Kjetils tur AS og Evelyns magasin AS fekk 75 000 kroner. Aarnesgruppen AS (Sjøormen kro) og Uppigard Natadal fekk båe 70 000 kroner, medan Åmotsdalsbui AS fekk 65 000 kroner. Tre verksemder blei tildelt 50 000 kroner: Nordbygdi eigedom AS (Skorvegruppen AS), Wassanas thaimat AS og Nordbygdi pub- og bardrift v/Børge Slettebø. Tordis Slettebø AS som driv drosjetransport fekk 45 000 kroner, medan fem selskap fekk 40 000 kroner i tilskot: Adams frisør, Seljord veterinærkontor, Telespinn AS, Lien fjellgard AS og Strand taxi.

Desse fekk 30 000 kroner kvar: Charms naturterapi, Vest-Telemark bok og papir AS og Seljord blomster. Frøken fin AS fekk 25 000 kroner, medan det minste tildelte beløpet gjekk til Miljøsenteret eigedom AS. Skorvegruppen AS står som eigar også av dette selskapet og fekk 10 000 kroner.

Totalt hadde verksemdene søkt om 4 453 000 kroner. Beløpet som var avsett og fordela, 2,5 millionar kroner, blei trekt frå det kommunale næringsfondet.