Blid drivar: Terje Stava smiler frå øyre til øyre i matbutikken sin. Folk handlar som aldri før. Nå er butikken kåra til årets nærbutikk på Austlandet.

Kåra til årets nærbutikk

Nærbutikken Åmdals Verk er årets nærbutikk i Østlandet sør.

Butikken på Åmdals Verk var ein av dei første bygdebutikkane i Noreg som sa ja til ny teknologi, med delvis sjølvbetening og døgnopen drift. I dag står nærbutikken fram som ein attraktiv butikk med unike opningstider og eit varesortiment tilpassa kundane, skriv Merkur-programmet på heimesida si.

Prisen for årets nærbutikk vart delt ut av det statlege Merkur-programmet for utvikling av distriktsbutikkar på ei kjøpmannssamling på Vikersund onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den bygdeeigde butikken på Åmdals Verk var nedsliten og prega av sviktande omsetning då Terje Stava vart tilsett som kjøpmann. Butikken deltok i Merkurs pilotprosjekt for utprøving av ny teknologi for sjølvbetening og døgnopen drift og fekk økonomisk støtte frå både kommunen, kraftverket og lokale aksjeeigarar for å kunne gjennomføre dei store investeringane.

Første året auka talet på kundar med 61 prosent, samtidig som netto omsetning auka med 32 prosent.

– Terje kan sjå ut som ein beskjeden og litt forsiktig mann i sin beste alder, men han er eigentleg ein skikkeleg tøffing og ein kvardagshelt for kundane, bygda og området rundt, blir det sagt i grunngjevinga for prisen.