Stortinget har vedteke jordbruksoppgjeret. Arkivfoto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK

Jordbruksoppgjeret vedteke i Stortinget

Eit breitt fleirtal på Stortinget sa ja til eit jordbruksoppgjer som skal gi bøndene høgare inntekt og kompensere for høge kostnader til straum og gjødsel.

Avtalen mellom bondeorganisasjonane og staten vart forsegla då Stortinget stemde over han onsdag. Det er det dyraste oppgjeret i historia med ein prislapp på 10,9 milliardar kroner.

Framstegspartiet var det einaste partiet som stemde mot, fordi oppgjeret vil gi auka matvareprisar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då saka vart behandla i næringskomiteen, fremja SV fleire forslag for å gjere norsk landbruk meir miljøvennleg og mindre avhengig av importert fôr. Mange av forslaga fekk støtte frå MDG, Raudt og Venstre. Men forslaga fekk ikkje fleirtal, og både SV og dei andre partia enda opp med å støtte oppgjeret.

Ein stor del av pengane bøndene får gjennom avtalen, vil gå til å dekkje auka kostnader til straum, drivstoff, gjødsel og andre såkalla innsatsfaktorar. I tillegg skal bøndene få 40.000 kroner meir i inntekter enn den lønnsveksten andre grupper får, for å ta igjen noko av inntektsgapet mellom bøndene og andre yrkesgrupper.

(©NPK)