Trufast kunde:– Eg har gått til Jenny sidan eg var barn. Ho har alltid vore ein trygg og stabil person å ha her i Haukeli og det blir eit sakn her når ho eventuelt sluttar, seier Vågslid.

Jenny (75) har jobba som frisør i meir enn 50 år. – Me skulle hatt teieplikt

Jenny Synnøve Vågslid Gardsteig likar å ha noko å gjera, og meiner det ville vore for gale om Haukeli ikkje skulle ha noko frisør. Difor har ho halde fram med salongen tre dagar i veka i det gamle Haukelitunet – også etter at ho nådde pensjonsalderen.

VTB møter ei blid, serviceinnstilt og sprek dame som byr på kaffi i den vesle salongen i sentrum av Haukeli, der ho har halde til sidan 2000. Heile livet har ho halde på med styrketrening. Det trur ho har vore viktig for at ho framleis kan jobbe som frisør.

– Eg har god helse, og det kan eg takke trimminga for. Frisør er ein av dei yrkesgruppene med størst arbeidsbelastning. Det er lett at ein til dømes får vonde skuldrer, seier Jenny.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er litt sosialarbeidar

Etter enda skulegang med frisørutdanning i Lunde og lærlingtid i Drammen, etablerte Jenny verksemda si i heimen sin i 1970. Ho har alltid vore ei flittig dame, og har, ved sida av å ha vore frisør, både passa gard og køyrd buss.

At det skulle bli frisør av ho var tilfeldig. Ho hadde ei syster i yrket og Jenny let seg inspirere når ho skulle bestemme seg for kva ho skulle drive med.

– Å vera frisør er eit veldig sosialt yrke. Når kunden sit der er det lett å kome i prat – og eg likar å prate med kundane. Det er mykje som kjem fram under klippinga. Det blir verande her i salongen, eg fortel ikkje noko vidare. Eg føler meg som ein sosialarbeidar av og til. Me frisørar skulle hatt teieplikt, fortel Jenny med glimt i auge.

Permanent som spesialitet

Kundekrinsen hennar er stor og trufast. Her er det folk som har vore kunde sidan dei var små. Det har blitt mange kurs opp gjennom åra, mest på hotell og hjå kollegaer i salongane deira. Men det er nokre år sidan ho gjorde det. Jenny seier vel og merke at å klippe er nesten som å sykle – du gløymer det aldri når du fyrst har lært det.

– Frisøryrket er veldig kreativt, men no klipper eg av røynsle. Eg gjer det eg har lært meg opp gjennom åra og klarer meg med det. Men eg likar framleis godt å oppsøkje frisørsalongar til dømes når eg er i byen og sjå korleis dei har det der og korleis det gjer det der, fortel Jenny.

Frisøryrket er ikkje det det ein gong var, og Jenny synest ho merkar at statusen til yrket har endra seg. Yrket slit med rekrutteringa. Sjølv har ho hatt fleire unge som har prøvd seg som frisør hjå henne, men dei har slutta. Årsaka kan vera at det er eit tungt yrke fysisk, med helseskadar som resultat, trur ho.

– Eg har også nokre langvegsfarande kundar. Dei får permanent, der er eg ein kløppar! Permanent er det ikkje alle av dagens frisørar som kan eller er flinke på. Så det tek eg gjerne på kundar, seier Gardsteig.

– Folk må ta kontakt med meg om dei vil byrje som frisør, me treng det her i Haukeli, er den avsluttande oppmodinga hennar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sosialt og kreativt: – Det sosiale og kreative med yrket som frisør er det eg likar best, seier Jenny.