Opning av pilotanlegget: Ordførar i Nissedal og varaordførar i Porsgrunn saman med heile teamet frå Hitec Products, Pointbreak og Norner framom anlegget der den fyrste pyrolyseolja er produsert.

I dag blir plasten me kjeldesorterer sendt ut av landet. Rune og Pointbreak vil byggje eit anlegg for kjemisk gjenvinning i Treungen

I fjor kom 242 000 tonn plastemballasje ut på den norske marknaden. Svært lite av denne plasten blir gjenvunne i Noreg.

– Produksjonen av plast kjem berre til å auke. Om me ikkje finn ein måte å handtere den på, etter at den har gjort nytta si, kjem det til å gå gale, seier Rune Johansen.

Han er operasjonell leiar i firmaet Pointbreak, som held til i Treungen teknologipark. Tidlegare jobba Johansen i oljeindustrien. Nå har han spesialisert seg på gjenvinning av plast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Plast blir jo laga av olje. Dette er ein teknologi me kan mykje om. Me kan nytte kunnskapen me har frå olje- og gassindustrien, forklarar Johansen.

Frå olje- til plastbransjen: – Me skil oss veldig ut på delar av teknologien, seier Rune Johansen. I tillegg til Johansen jobbar nissedølane, Kai Halvor Juva, Jereon Houthizen og Paul-Willy Setane inn i prosjektet.

Gjenvinning av matvareemballasje

Det er fyrst og fremst gjenvinning av matvareemballasje dei siktar seg inn på. Den utgjer meir enn 40 prosent av plasten på den norske marknaden.

– Matvareemballasje er vanskeleg å gjenvinne, og går i dag i all hovudsak til forbrenning, fortel Johansen.

Tidlegare har VTB skrive om plasten me kjeldesorterer heime som blir sendt ut av landet, til Tyskland og Sverige. Berre halvparten av denne blir gjenvunne. Resten blir brent. Johansen meiner det er viktig å finne løysingar som gjer at meir av plasten blir bruka om igjen, og Pointbreak jobbar for å finne metodar for å gjenvinne plasten kjemisk. Teknologien er avansert, og firmaet Norner har blitt engasjert som forskings- og utviklingspartnar.

Norner held til i Porsgrunn, og forskar på polymerar og plast. Saman har Pointbreak og Norner utvikla teknologi og bygd eit pilotanlegg for gjenvinning. I anlegget går vaska og oppkutta plast gjennom ein prosess som blant anna omfattar pyrolyse, og ut kjem pyrolyseolje. Av denne oljen kan ein lage ny plast.

I motsetning til plast som går gjennom ei mekanisk gjenvinning, der den blir smelta om til nye produkt, kan denne plasten brukast til både matvareemballasje og medisinsk utstyr.

– Me bryt ned plasten til molekylnivå. Produktet ein får ut er byggjesteinen i ny jomfrueleg plast, forklarar Johansen.

Vil selje teknologi

Det er fyrst og fremst teknologien Pointbreak vil selje. Då er det viktig å ha eit anlegg der ein kan demonstrere og lære opp dei som er interessert i å handle. Selskapet planlegg derfor å byggje eit fullskala demonstrasjons- og forskingsanlegg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og det anlegget skal liggje i Treungen, seier Johansen.

For ei krone har Pointbreak fått kjøpe tomt av Nissedal kommune til bygging av anlegget på Langmoen.

Billig tomt: – At kommunen har vore så positive og frampå har vore avgjerande for at anlegget blir bygd i Nissedal, seier Rune Johansen. Her saman med ordførar Halvor Homme.

– Det kjem til å gje høgkompetansearbeidsplassar, og me treng også operatørar til å drive anlegget, seier Johansen.

Dei har fått støtte frå Noregs forskingsråd til eit fireårig forskingsprosjekt, og håpar at det ikkje er så lenge til dei kan sette i gang med bygging.

Behov for endringar

Lars Evensen og Thor Kamfjord, som jobbar i Norner, er klare på at det er behov for globale endringar om ein skal løyse plastkrisa.

– I tillegg til arbeidet me gjer for Pointbreak, jobbar me også med mekanisk resirkulering for kundar i mange land, seier Evensen.

Han er direktør for forretningseininga i Norner som jobbar med plastprodusentane, og er ansvarleg for samarbeidet med Pointbreak.

Plast bidreg til at maten held seg lenger, og har også vore avgjerande til medisinsk utstyr. Men auka produksjon av plastemballasje bidreg til mykje avfall, som verda ikkje har hatt gode løysingar for å handtere. Plastavfall har blitt brent og deponert. Mykje har hamna i havet. I Norner meiner dei at plasten i større grad må inn i eit sirkulært krinsløp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me prøver å gje plasten eit langt liv, seier Kamford, som er direktør for berekraft og samfunnsansvar i selskapet.

Dei meiner det er mange aktørar som må gjere ein innsats for å få til ei endring, og at lovkrav er nødvendig.

Jobbar globalt: Lars Evensen og Thor Kamfjord fortel at selskapet har eit samarbeid med mange av dei store råstoffprodusentane i verda og at kjente globale aktørar kjem til Norner for å få hjelp til å løyse utfordringar innan sirkulær økonomi.

Det kjem strengare krav frå EU

EU-kommisjonen foreslår ei rekke krav for plastemballasje. Det skal bli mindre avfall, og råvarene som blir bruka skal bli utnytta lenger og betre.

I dag blir ein del produkt pakka inn i unødvendig mykje emballasje. EU-kommisjonen foreslår at emballasjen på produkta blir redusert til eit minimum. Det vil bli krav til auka bruk av gjenvunne materiale i plastemballasjen. Og produsentane må i større grad ta ansvar for produkta etter at dei blir avfall.

Evensen seier norsk industri kjem til å bli påverka av dette. Han meiner at hovudproblemet er at plastråstoff har vore for billig. Å produsere plast av resirkulert materiale vil bli dyrare enn å produsere ny plast. Og sjølv om produsentane vil få større ansvar, vil auka kostnader medføre dyrare produkt for forbrukarane.

– Å leggje om til meir berekraftige løysingar vil koste, men om ingen er villige til å betale for auka berekraft, så løyser me heller ikkje problemet, seier Kamfjord.

Det er særleg i overgangen det kostar. Etter kvart som miljøløysingar blir tatt i bruk, meiner dei kostnadene vil jamne seg ut.

For å gjenvinne er sortering avgjerande. Og sorteringsjobben, som nå i stor grad blir utført i Tyskland, trur dei at på sikt vil bli gjort i Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er planar om eit finsorteringsanlegg i Holtskogen Næringspark, sør for Oslo, fortel Kamfjord.

Forskar på plast: David Sanna og Thor Kamfjord inne i anlegget til Norner i Porsgrunn.

Forbrukarane må også ta ansvar

Evensen og Kamfjord meiner også at me som forbrukarar må ta ansvar. Nye vanar har ført til eit større forbruk av plast. Det gjeld blant anna maten me et.

– I gamle dagar åt me sesongvarer. Nå et me sesongvarer heile året. Mat som blir produsert på den andre sida av jorda har me tilgang på kvar dag. Da må den maten bli beskytta på reisa, seier han.

Dei meiner også ein bør reflektere over om me treng å handle så mykje som me gjer i dag.

– Å la vere å kjøpe er ofte det beste valet om ein er oppteken av berekraft, seier Kamfjord.

Han meiner ein ikkje berre bør snakke om berekraft, men også la-vere-kraft.

Gjenvunne plast: Dette er pellets etter plast som har blitt gjenvunne makanisk.

I dag er mykje emballasje laga for å vere brukarvenleg, til dømes kan det i ein suppepose vere eit plastlaminat som inneheld eit sjikt med papir, slik at den kan rivast opp for hand. Slike posar lar seg ikkje gjenvinne. Plasten på til dømes skinkepakka du kjøper i butikken kan innehalde mange sjikt med ulik type plast for å beskytte matvarene. Det gjer at den blir vanskelegare å resirkulere. Ei av løysingane meiner dei vil vere å bruke færre ulike typar plast i emballasje. Då blir den lettare å gjenvinne, men vil nok ikkje beskytte maten like godt. Noko som igjen vil føre til at maten ikkje held seg like lenge.

– Om industrien sjølv kunne velje, så hadde me blitt med den gamle løysinga, fordi den tek betre vare på maten som er meir energikrevjande å lage enn emballasjen. Dette kan la seg gjere med Pointbreak sin teknologi, som nettopp er laga for å handtere slik kompleks emballasje, seier Evensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye produkt: Dette er plastflasker av gjenvunne plast.

Fleire er kritiske til kjemisk gjenvinning

Ein del har vore kritiske til kjemisk gjenvinning, blant anna fordi den er energikrevjande. Om ein skal kunne kalle løysinga for miljøvenleg må råstoffet ein produserer i anlegget ha eit lågare fotavtrykk samanlikna med plastråstoff.

– Me er veldig klar over kritikken. Og det har me studert. Det har gjort at me har valt å køyre i den retninga me har gjort, for å minimere dei negative konsekvensane. Me har jobba frå skrivebordet, studert. Kva vil skje? Kva for teknologi er best? Og så har me bygd ein pilot saman med Pointbreak. Og me ser at det me har tenkt ut, det stemmer, seier Evensen.

Han er stolt av forskarkollegane i Norner som står bak Pointbreaks første patentsøknad.

Direktøren fortel at mange har prøvd seg på kjemisk gjenvinning og hatt problem med det. Han trur ein del har gått litt for fort fram og kanskje ikkje hatt nødvendig kunnskap i botn.

– Denne teknologien er god, men den er ikkje perfekt. Industrien er ung og under utvikling. Men gjer me ikkje noko, så blir det heller inga endring, seier Evensen.

Nå jobbar Norner med å vidareutvikle teknologien saman med SINTEF og Ivar i eit forskingsprosjekt.

Norner: David Sanna er operatør og jobbar med å utvikle betre metodar for å resirkulere plasten mekanisk.

Har tru på anlegget i Treungen

Ein bransje i utvikling, og nye lovkrav, gjer at Norner har tru på anlegget som Pointbreak vil byggje i Treungen. Når produsentar må bruke resirkulerte materiale i produksjon av emballasje, trur dei pyrolyseolja frå kjemisk gjenvinning vil bli etterspurd.

– Tidlegare hadde ein klokkartru på at mekanisk gjenvinning skulle løyse det meste. Så har ein sett at dette ikkje er så lett, forklarar Evensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når plasten blir gjenvunne mekanisk kan den ikkje brukast til matvareemballasje eller medisinsk utstyr igjen. Den er ikkje rein nok til det. Pyrolyseolja som kjem ut av kjemisk gjenvinning kan ein bruke til å lage ny plast, som kan nyttast både i matvareemballasje og medisinsk utstyr. Han trur derfor at det er viktig å finne fram til gode løysingar på kjemisk gjenvinning.

– Det er mange som er interessert i å snakke med både oss og Pointbreak om dette. Når me lykkast med dette så er det ein enorm marknad, seier Evensen.

Han meiner dei er inne på gode løysingar, og er trygg på at dette har ei solid framtid.

Fornøgd ordførar: — Dette er kjempespennande, seier ordførar Halvor Homme. Her er han på opninga av pilotanegget i diskusjon med Krishna Kumar, ein av ekspertane til Norner.

Rune Johansen meiner samarbeidet med Norner er avgjerande for å lykkast med anlegget for kjemisk gjenvinning i Treungen.

Dei har framleis ein veg å gå.

– Men eg har stor tru på at me skal få det til, seier han.

Plastavfall

Rundt 242 000 tonn plastemballasje kom på den norske marknaden i 2021.

Prognosen er framleis forbruksvekst som vil auke avfallsmengdene dramatisk.

Over halvparten av plastemballasjen frå hushaldningane blir kasta i restavfallet og brent.

Produsentar og importørar av plastemballasje har økonomisk ansvar for plasten gjennom heile kretsløpet - også når den er blitt avfall. Dette vert kalla utvida produsentansvar.

Plastemballasjen som nordmenn kjeldesorterer heime, vert sendt til gjenvinning i Tyskland og Sverige. I fjor vart halvparten av den resirkulert. Den andre halvparten vart brent.

Det norske plastsystemet ligg ikkje an til å nå Noregs forpliktande klima- og miljømål til 2040.

Plastkrisa i Europa

Saman med lokalaviser over heile Noreg, Senter for undersøkande journalistikk og journalistgruppa Investigate Europe, har VTB prøvd å finne ut kva som skjer med plastemballasjen etter at me har kasta den.

Prosjektet er ein del av Investigate Europe sitt graveprosjekt #Wasteland, som vert publisert i 10 europeiske land. Investigate Europe er støtta av Fritt Ord.

Framover vil VTB publisere ei rekke saker om dette temaet.

Dei internasjonale sakene kan du lese på Investigate Europe sine nettsider.