Stillingsslepp: Utviklingsleiar Johannes Rindal i Vest-Telemarkrådet inviterer no alle verksemder i Vest-Telemark til å vere med på eit felles slepp av ledige jobbar i regionen.

Håpar å kunne vise fram 50 ledige jobbar til påske

Felles stillingsslepp skal vise at Vest-Telemark er ein attraktivt plass.

Rådet inviterer no alle verksemder i Vest-Telemark til å vere med på eit felles slepp av ledige jobbar i regionen. Målet er å marknadsføre regionen og tiltrekkje seg fleire innbyggjarar.

Utviklingsleiar Johannes Rindal i Vest-Telemarkrådet seier at dette er gratis for verksemdene, og at alle typar stillingar er aktuelle. Rådet går aktivt ut mot næringslag, næringsansvarlege i kommunane, næringsforum og bedriftene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil ha alt frå sesongjobbar og vikariat til heile og faste stillingar. Det er òg mogleg å leggje inn opne søknader, der jobben finst dersom personar med rett kompetanse søker, seier Rindal.

Han legg vekt på at dette er enkelt og gratis for bedriftene. I perioden 5. mars til 1. april kan alle leggje inn stillingsutlysing på nettsida til rådet. Så blir det felles slepp av stillingane 3. april, der bodskapen blir «finn draumejobben i Vest-Telemark i påska».

Tips og råd

Rindal understrekar at Vest-Telemarkrådet ordnar alt det praktiske knytt til marknadsføring.

– Me har også laga eit skriv med tips om kva ein må hugse på når ein lyser ut og tilsett nye medarbeidarar. Me veit det er mange verksemder som ikkje gjer dette ofte, og me ynskjer at alle som søker skal bli møtt på ein god måte, seier Rindal.

Nå ut til mange

Ei viktig målgruppe er folk i etableringsfasen.

– Det er sjølvsagt eit mål at dette kan vere eit bidrag til at fleire busett seg i Vest-Telemark. Me ynskjer å vise fram breidda i arbeidsmarknaden og at det er jobbar til begge to. Me har natur og kultur, og me har og jobbar! Me skal vise at her i Vest-Telemark får du løn både i lommeboka og i sjela, seier Rindal, og legg til at dette passar godt inn saman med emneknaggen tidtilmeir som også viser fram arbeidsmarknaden og dagleglivet i Vest-Telemark.

– Dette handlar også om å marknadsføre regionen som ein attraktiv plass, legg han til.

Inspirasjon

Rindal legg ikkje skjul på at inspirasjonen kjem frå Nord-Gudbrandsdal, som har gjennomført dette fleire gonger.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sist hadde dei 170 ledige stillingar, og fekk mykje merksemd kring dette. Målet på sikt må vere at me har minst like mange stillingar i Vest-Telemark, seier Rindal, og han varslar alt no at det vil bli eit nytt stillingsslepp til hausten.

– Det vil ta tid å byggje opp dette, men om me klarer å vise fram 50 ledige stillingar no blir eg svært glad, seier han.

Han oppmodar bedrifter til å bli med, og til å ta kontakt om dei har spørsmål.