Byter drakt: Bensinstasjonen i Haukeli får ei skikkeleg opprusting, med heilt ny forretning, når den går frå å vera Esso-stasjon til Circle K denne veka.

Hamskifte i Haukeli – snart er det berre éin Esso att i Vest-Telemark

Torsdag denne veka blir Esso Haukeli til Circle K Haukeli. – Det blir ein heilt ny forretning, fortel innehavar Tommy Lindskog.

Måndag stenger han dørene til benstinstasjonen for å ta fatt på det omfattande arbeidet med å ruste opp – både inne og ute.

– Det blir ei heilt ny forretning, me skal bygge heilt nytt på tre dagar. Ute blir også alt nytt, pumpene inkludert, fortel Lindskog.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at bensinstasjonkjedene ofte opererer med femårsavtalar, og at dialogen med Circle K byrja i oktober i fjor.

– Det er samansette faktorar som ligg bak byttet. Eg skal ikkje gå nærare inn på detaljene, men det handlar om marknadstilhøve, fortel Lindskog.

Direktør i Circle K Noreg, Øyvind Mathias Bredland, er naturleg nok godt nøgd med nysigneringa.

– Dette er ein stor, flott og viktig energistasjon med perfekt plassering langs E134 mellom aust og vest. Me er veldige glade for at Tommy Lindskog valde Circle K, og ynskjer han og hans medarbeidarar hjarteleg velkommen i Circle K-familien, seier Bredland.

Når Esso Haukeli blir til Circle K, vil det berre vera éin Esso-stasjon att i regionen – i Rauland.