Vestlandsk raudkolle er no den einaste av dei gamle norske kurasane som framleis er kritisk trua.Foto: Anna Rehnberg / Norsk genressurssenter / Nibio

God framgang for norske kurasar

Tiltaka for å byggje opp igjen dei seks utryddingstrua storferasane i Noreg har gitt resultat. No er vestlandsk raudkolle åleine i kategorien kritisk trua.

Kritisk trua vil seie at det finst færre enn 300 avlshodyr av rasen. Slik var også statusen for både vestlandsk raudkolle, telemarksfe, vestlandsk fjordfe, dølafe og austlandsk raudkolle tidleg på 1990-talet, medan stoda var litt betre for sida trønderfe og nordlandsfe (STN).

Dei bevaringsverdige kurasane er stadig trua, men talet på avlskyr er mangedobla frå 1990 til 2020, fortel forskingsinstituttet Nibio.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle rasane har auka i perioden, seier fagleiar Nina Svartedal i Nibio-eininga Norsk genressurssenter.

Austlandsk raudkolle og vestlandsk fjordfe er dei to rasane som har auka mest. Frå å vere nær utrydda i 1990, talde austlandsk raudkolle i 2020 473 avlskyr, medan talet for vestlandsk fjordfe hadde passert 1.000. Talet på avlskyr for telemarksfe hadde i 2020 komme opp i 485, for dølafe 473 og for vestlandsk raudkolle 233.

For sida trønderfe og nordlandsfe var talet på avlskyr over 1.000 allereie i 1990 og hadde i 2020 auka til 1.806.

For austlandsk raudkolle og dølafe var det høvesvis berre 11 og 25 avlskyr igjen i Noreg i 1990, ifølgje Kuregisteret til Norsk genressurssenter.

Med større populasjonar er innavlsutfordringa mindre enn før, men det er stadig om å gjere at framgangen held fram.

– Resultatet av det gode avlsarbeidet må ikkje bli ei sovepute, men heller vere ein inspirasjon i arbeidet med å halde den genetiske variasjonen oppe, seier Svartedal.

(©NPK)

Telemarksfe er den eldste storferasen i Noreg.Foto: Anna Rehnberg / Norsk genressurssenter / Nibio
Vestlandsk fjordfe høyrer heime på Vestlandet, frå Hordaland i sør til Møre i nord. Foto: Anna Rehnberg / Norsk genressurssenter / Nibio