Nytilsett: Geir Ødegaard Olsen vart tilsett som ny dagleg leiar ved Vrådal Panorama skisenter i starten av desember. Han melder om optimale tilhøve denne helga.

Geir er ny dagleg leiar på skisenteret: – Drøymer du om pudder bør du ta turen til Vrådal i helga

Ny dagleg leiar i Vrådal Panorama skisenter, Geir Ødegaard Olsen, rapporterer om strålande tilhøve i bakkane.

Geir Ødegaard Olsen tok til som ny dagleg leiar ved skisenteret i starten av desember.

– Eg kjenner godt Petter (Johnsen, eigar av Vrådal Panorama, journ. merk.) frå før. Han bad meg kome innom ein tur, og spurde om eg kunne tenke meg å drive skisenteret, fortel Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vrådal er eit passe stort anlegg, med gode moglegheiter, og noko som eg hadde lyst til å utvikle vidare, så eg takka ja til det, held han fram.

Olsen kjem til Vrådal med brei erfaring. Han drifta skisenter i over 20 år, før han dei siste åra har drive med konsulentverksemd i sektoren.

– Det var godt å kome tilbake i ei driftsrolle, der ein får jobbe meir konkret, og ikkje berre gje råd, seier den nytilsette leiaren.

Olsen har alt teke grep for å gjere Vrådal endå meir attraktivt, melder direktør og femte generasjon vertskap ved Straand Hotell, Lars Arne Straand.

God start: Frå venstre: Lars Arne Straand, direktør ved Straand Hotell, Geir Ødegaard Olsen, dagleg leiar i Vrådal Panorama skisenter og Jesper Aagaard i Vrådal Booking kan alle rapportere om ein god start på vintersesongen.

– Det har kome mykje snø denne vinteren, så det er spesielt morosamt å arbeide med å optimalisere prepareringa av alle løypene i anlegget. Me har i år preppa bakkar som ikkje har vore i bruk på mange år, og tilhøva er perfekte. Er du ein som drøymer om pudder og ynskjer eit off-piste-eventyr, bør du ta turen i helga, oppmodar Ødegaard Olsen i ei pressemelding, som vidare opplyser om at det er full drift i anlegget kvar dag, og at alle nedfartar er opne.

Straand meiner også denne helga kan bli eit høgdepunkt for skituristane i Vrådal.

– Denne helga blir ein av årets beste på ski. Om du er skientusiast bør du ta deg ein tur til Vrådal. Her kan me garantere gode vinteropplevingar, slår han fast.

Jesper Aagaard, direktør i Vrådal Booking, melder om ein travel start på det nye året.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei gode tilhøva i bakken gjev gode opplevingar for gjestene våre, seier han.

Aagaard opplyser vidare om at det framleis er noko ledig kapasitet i hytter og ferieleilegheiter i bygda.

Vrådal Panorama: Straand, Olsen og Aagaard er samde om at det er lite å utsetje på tilhøva i skisenteret denne vinteren.