Kommunar og fylkeskommunar må vege ulike faktorar opp mot kvarandre når dei skal prøve å få ned klimagassutsleppa knytt til utbyggingsprosjekt. Vestfold og Telemark fylkeskommune fryktar at dei vil presse ut lokale entreprenørar om dei går for fort fram med klima- og miljøtiltak. Foto: Aleksander Andersen / NTB/ NPK

Fryktar strenge klimakrav i vegutbygging kan presse ut lokale entreprenørar

Kommunar og fylkeskommunar må vege ulike faktorar opp mot kvarandre når dei skal prøve å få ned klimagassutsleppa i utbyggingsprosjekt. Vestfold og Telemark fylkeskommune er redd for at lokale entreprenørar blir utkonkurrerte om dei går for raskt fram med klima- og miljøtiltak.

– Vi fryktar at vi vil presse ut lokale entreprenørar om vi går ut med for strenge krav for fort. For lokale entreprenørar er det til dømes ei større investering å kjøpe ei elektrisk maskin enn det vil vere for ein stor landsdekkjande entreprenør. Vi må førebu dei lokale entreprenørane på investeringar som kjem i framtida framfor å pushe det på dei med ein gong. Når dei er klare til å byte ut maskinparken sin er det vår oppgåve å tydeleggjere gevinsten dei får av å velje elektrisk framfor fossilt, sa Kari Bjønnes Kleppe i Vestfold og Telemark fylkeskommune under eit webinar i regi av Miljødirektoratet tysdag.

Manglar tal

Vestfold og Telemark fylkeskommune fekk i 2020 midlar til eit såkalla klimasatsprosjekt, som blei starten på eit systematisk klimaarbeid i organisasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eit av hovudresultata frå prosjektet er ein rapport som går inn på korleis vi jobbar med klima i utbygging i dag, sa Kleppe.

Fylkeskommunen har no sett seg eit mål om å redusere utsleppa i utbyggingsseksjonen med 60 prosent innan 2030. I 2050 har dei mål om å vere eit lågutsleppssamfunn.

– Det er likevel utfordrande å rekne seg fram til kor store reduksjonar som må til for å kutte 60 prosent. Det kjem av at vi manglar historiske tal – altså oversikt over kor store utsleppa har vore i utbyggingsprosjekt tidlegare, sa Kleppe.

Ho og fylkeskommunen har difor sett i verk tiltak som kan hjelpe dei å skaffe eit relevant talgrunnlag for situasjonen i dag.

– Vi har mellom anna laga ein klimaplan for utbyggingsseksjonen fram mot 2026, som vi kontinuerleg oppdaterer. Eit anna tiltak er at entreprenørane rapporterer drivstofforbruk.

Ulike avvegingar

Kleppe viser òg til klima- og miljøarbeid må vegast opp mot andre faktorar i kvart enkelt utbyggingsprosjekt.

– Vestfold og Telemark har ansvar for store område med om lag 3.100 kilometer veg. Det er stor variasjon frå prosjekt til prosjekt. Klimaarbeidet blir difor meir komplekst, for vi har ikkje løysingar som passar alle prosjekta. Vi møter òg ulike typar entreprenørar med ulike føresetnader.

Ho var likevel klar på at klimaaspektet må inn tidleg i eit utbyggingsprosjekt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det bør inn så tidleg som mogleg. Snakkar vi om eit vegprosjekt må ein tenkje klima allereie i valet av trasé. Det er i planleggingsfasen at handlingsrommet er størst. Når prosjektet går ut på anbod har allereie ein del av handlingsrommet forsvunne.

Komplekst

Klima- og miljø eit omfattande omgrep. Det har også Vestfold og Telemark erfart.

– Arbeidet vårt dreier seg om å sjå på alt frå bygningsmasse og maskinparkar til nedbygging av natur. Arealbruken har komme meir og meir opp på dagsordenen dei siste åra. Eg trur framleis det er store mørketal knytt til kor mykje CO2-utslepp det blir i samband med naturnedbygging i vegprosjekt, sa Kleppe.

(©NPK)