238.420 flasker: Harald Utigard jobbar på Babu på Dalen. Han samlar inn og sorterer tomgods frå Tokke og Vinje.

Flaskepanten er ein norsk kjempesuksess. I Vest-Telemark gjev ordninga gode inntekter til lokale lag

I Tokke samarbeider Røde Kors og bedrifta Babu om innsamling av flasker og boksar. Det gjev gode inntekter og bidreg til mindre forsøpling. I store EU-land kjempar drikkevarebransjen mot ei panteordning for plastflasker.

– Dette er kanskje den viktigaste inntektskjelda me har, seier Grunde Seltveit i Tokke Røde Kors.

I godt samarbeid med den tilrettelagde arbeidsplassen Babu på Dalen samlar dei inn flasker frå konteinarar i både Tokke og Vinje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er arbeidstakarane på Babu som køyrer rundt og samlar inn flaskene frå Røde Kors-konteinarane. Etter at flaskene er samla inn blir dei sortert, pakka og sendt til Infinitum.

På arbeid: Mathias Dahle, Harald Utigard og Kjell Rune Berglie samlar inn pant.

– Dei er kjempeflinke! Me hadde ikkje klart å gjere alt dette arbeidet på dugnad, seier Seltveit.

I fjor samla gjengen inn 238 430 flasker og boksar. Det gjev kjærkomne inntekter, både til Røde Kors og Babu.

Arbeidstakarane veit kva dei vil bruke pengane til.

– Planen vår nå er å kjøpe ein ny bil, ein ID. Buzz, fortel May Anette Sollie som er avdelingsleiar på Åheim bufellesskap og Babu.

Spreier glede: Det kommunale arbeidstilbodet Babu på Dalen sorterer tomgods. For pantepengane vil dei nå kjøpe seg ny bil.

For fleire lokale lag og foreiningar er panteordninga ei viktig inntektskjelde. Av dei lokale laga i Vest-Telemark vart det samla inn flest flasker av Tokke Røde Kors. Dei samla inn 238 420 flasker og boksar i 2022. Nissedal Røde Kors leverte inn 143 260 flasker og Fyresdal Røde Kors 86 320 flasker. Det viser tal frå Infinitum.

Kvart år blir det også panta fleire millionar med flasker og boksar på butikkane i Vest-Telemark. Flest var det som panta flaskene sine på Rema 1000 i Seljord. I 2022 vart det levert inn 596 000 flasker der.

Flaskepant i Vest-Telemark

Rema 1000 Seljord: 596 045

Kiwi Kviteseid: 366 008

Spar Rauland: 364 612

Extra Vinje: 364 043

Spar Fyresdal: 258 956

Extra Rauland: 239 344

Tokke Røde Kors: 238.420

Spar Treungen: 232 869

Spar Haukeli: 202 958

Tal frå Infinitum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høge EU-mål

EU har sett høge mål for gjenvinning av eingongsplast. Av ein grunn: Me brukar enorme mengder plastemballasje og er på stø kurs til å bruke endå mykje meir. Når chipsposen, osteplasten eller handleposen blir søppel, er det eit problem som det er dyrt å bli kvitt på ein skikkeleg måte.

I motsetnad til kva mange trur, blir mesteparten av plastemballasjen som folk kastar kvar dag, ikkje gjenvunne. Det som ikkje blir resirkulert, hamnar i forbrenningsomnar, på fyllingar, i elver eller i havet.

Innan 2030 skal 55 prosent av plastemballasjen i EU gjenvinnast. Det er eit stykke fram: I 2020 vart 38 prosent av dette avfallet resirkulert i EU-området. Offisielt. Ingen veit sikkert, og kritikarar trur talet er blåst opp.

Her heime veit heller ingen kor mykje plastemballasje som er på marknaden. Men Plastretur, som handterer plastavfallet frå dei store daglegvareprodusentane i Noreg, rapporterte at drygt 25 prosent av all eingongsplast frå deira medlemer til hushaldningane, vart resirkulert i fjor. 11 millionar tonn plastavfall vert dumpa i havet kvart år. Utan drastiske tiltak kan det vere dobbelt så mykje innan 2030.

Høg avgift: For å hindre at flasker og boksar blei til avfall påla norske styresmakter produsentane ei høg miljøavgift på drikkeemballasje i 1999. Avgifta søkk i takt med innsamla emballasje. I dag blir 99 prosent av selde plastflasker samla inn.

Norden gjekk framfor

Flaskepant vart innført i Sverige i 1984. Dei andre nordiske landa følgde etter, Noreg i 1999. Danmark, Tyskland, Nederland og Kroatia kom på starten av 2000-talet. Men mellom 2006 og 2021 vart berre eitt nytt land medlem av panteklubben: Litauen.

No er det ny aktivitet. I fjor starta slike system i Slovakia, Latvia og Malta. Seks andre land seier dei skal ha panteordning for eingongsflasker innan utgangen av 2025: Portugal, Romania, Irland, Ungarn, Storbritannia og Austerrike.

Men tre store og varme land med enormt forbruk av vatn på plastflasker, held framleis igjen: Spania, Frankrike og Italia.

Ein milliardsuksess: Årleg panter nordmenn over éin milliard flasker og boksar. Her frå Infinitums anlegg på Fetsund nord for Oslo. Infinitum har også slike anlegg i Narvik og Trondheim.

Eit radikalt grep

Det har ikkje mangla på besøk frå utlandet til Infinitum, det norske selskapet som driftar den norske panteordninga. Frå heile verda kjem delegasjonar til anlegget på Fetsund i Viken for å lære korleis Noreg klarar å samle inn og resirkulere nær 99 prosent av alle plastflaskene som blir selt i landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Løyndomen er tidlegare miljøvernminister Thorbjørn Berntsen, seier Kjell Olav Maldum, administrerande direktør i Infinitum. Sel gjerne plastflasker, sa Berntsen til daglegvarehandelen og produsentane då han var i regjering på 90-talet. Men om flaskene ikkje blir samla inn, må bransjen betale ei avgift. Om meir enn 95 prosent blir samla inn, vert avgifta null.

Det er det geniale som ingen har gjort før eller seinare, meiner Maldum: Det kostar skjorta å bruke plastemballasje på drikkevarer. Men jo flinkare næringslivet er, dess lågare vert miljøavgifta. No er den 3,91 kroner per flaske. Eller på over 100 000 kroner per tonn plast — om produsentane ikkje samlar inn.

Infinitum: Her er gjengen frå Babu på Infinitum for å sjå korleis innsamla flasker og boksar blir sortert.

6,6 millionar flasker per dag

Men det gjer dei. Sidan 2012 har avgifta for drikkevarebransjen vore null.

Og fordi det er pant på flaskene — to kroner for ei vanleg brusflaske — har den tomme colaflaska ein verdi, også for forbrukarane.

– Dei aller fleste pantar. Sit du i ein park og ikkje gidd, så set du flaska ved sida av søppeldunken, og så kjem nokon og plukkar den opp, seier Maldum.

Mange av dei panta flaskene ender til slutt opp på Infinitums anlegg på Fetsund nord for Oslo. Lastebilar leverer tomgods til fabrikken, som køyrer døgndrift. Inne i lokala matast flasker og boksar inn i eit avansert system. Infinitum sine tre anlegg i Narvik, Trondheim og Fetsund handterer 6,6 millionar flasker og boksar per døgn.

Næringslivet vart pålagt å fikse problemet, og det har dei gjort – utan kostnad for staten eller forbrukaren som pantar. Maldum meiner det er fullt mogleg å sjå for seg eit slikt norsk system i ein europeisk samanheng.

– Berntsen var ein industrimann og visste at industrien er flink til å tenke ut løysingar. Politikarane si rolle er å peike ut kursen. Vi manglar det i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva hadde effekten vore om Hellas, Italia, Spania og Portugal hadde fått til eit slikt system?

– Det hadde hatt enorm verdi. Me hadde fått bort alle plastflaskene frå havet. Me hadde stengt krana for forsøpling av plastflasker, meiner Infinitum-sjefen.

Slutt på forsøpling

Land med tilsvarande pantesystem som i Noreg samlar i snitt inn over 80 prosent av plastflaskene, mot 58 prosent generelt i Europa, viste ein rapport frå revisjonsretten i EU i 2020. Studiar frå Europa og andre verdsdelar viser at effektive pantesystem kan avgrense forsøpling med 70 til 80 prosent.

Entusiastiske gjester frå Spania, England og Italia ser den norske suksessen og vil gjerne innføre eit system etter modell frå Noreg. Men så stoppar det gjerne opp, ifølgje Infinitum-sjefen.

Han fortel kva som skjedde etter at ein spansk delegasjon kom på besøk i 2013.

– Spanjolane var veldig engasjerte. Men heime i Barcelona igjen, blei dei plassert på sidelinja. Det finst folk som tener mykje pengar på søppel. Desse bør ein ikkje leggje seg ut med, seier Maldum.

Plast frå Europa: Plastavfall blir skylt inn av havstraumar til norske strender. Her frå ein fjellsprekk ved Sotra.

Forureinar vil ikkje betale

Det norske pantesystemet byggjer på krav til næringslivet: Dei som vel å selje drikkevarer i plastemballasje, skal betale det som krevst for at avfallet ikkje ender i naturen eller i havet, men blir samla inn og resirkulert. Utvida produsentansvar, kallast dette. Det kostar å sette opp panteautomatar overalt og å sørge for henting og gjenvinning. Før ordninga verkeleg tok av og bransjen nådde 95-prosentgrensa, kosta den «skjorta».

Snart blir pantesystem som dette likevel påboden i EU. Innan 2025 skal 77 prosent av flaskene bli samla inn separat. Frå 2030 skal det vere minst 30 prosent resirkulert plast i alle plastflasker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men produsentane og drikkevarebransjen i Spania og Italia vil ikkje ha den norske pantemodellen. Det trengst ikkje, hevdar dei. Spania samla inn 71 prosent av plastflaskene i 2021, ifølgje returselskapet Ecoembes, som blant anna har Coca-Cola som medlem. Nokon ekspertar tvilar på dette talet. I Italia meiner returselskapet Coripet at dei får tak i 64 prosent av flaskene etter bruk. Det er eit stykke unna EU sine krav om 77 prosent, men kanskje innanfor rekkevidde.

Spanske og italienske forbrukarar kan likevel spørje kvifor dei skal nøye seg med 77 prosent resirkulering når Noreg har 99?

På Dalen kjem gjengen frå Babu til å halde fram med å samle inn tomgods frå Røde Kors-kontainarane i Tokke og Vinje. På den måten bidreg dei til mindre forsøpling og eit meir sirkulært samfunn.

Bidreg: I arbeidet med å samle inn flasker bidreg gjengen på Babu til eit meir sirkulært samfunn.
PANTESYSTEMET I NORGE

Årleg pantar nordmenn over éin milliard flasker og boksar.

For å hindre at boksar og flasker vart til avfall, påla norske styresmakter produsentane ei høg miljøavgift på drikkeemballasje i 1999. Avgifta søkk i takt med delen innsamla emballasje.

I 2023 er avgifta på PET-flasker 3,91 kroner og 6,46 kroner for glas og metall.

Men fordi Noreg no har ein innsamlingsgrad på over 95 prosent, slepp industrien å betale miljøavgift. For 2022 er talet på innsamla PET-flasker og boksar 99 prosent.

Infinitum driftar pantesystemet og er eigd av drikkevareprodusentane i Noreg.

Flasker og boksar samlast inn gjennom 3700 panteautomatar i daglegvarebutikkar og 11 300 oppsamlingspunkt ved kioskar, bensinstasjonar, idrettslag og foreiningar.

EUROPAS PLASTKRISE

Saman med lokalaviser over heile Noreg, Landslaget for lokalaviser, Senter for undersøkande journalistikk og journalistgruppe Investigate Europe, har VTB prøvd å finne ut kva som skjer med plastemballasjen etter at me har kasta den.

Prosjektet er ein del av Investigate Europe sitt graveprosjekt #Wasteland, som blir publisert i 10 europeiske land. Investigate Europe har støtte frå Fritt Ord.

Journalism Fund’s Earth Investigations Programme har støtta dette prosjektet økonomisk.

VTB publiserer ei rekkje saker om dette temaet.

Les dei internasjonale sakene på Investigate Europe sine nettsider.