Framme på staulen: Heidi Sudgarden (t.h.) lårer bort buskapen sin til foreldra Arnhild og Sveinung Sudgarden.

Femtiårsjubileum på staulen ved Gjevarvatnet

Eit halvt hundreår har gått sidan Arnhild og Sveinung Sudgarden fyrste gong sat med kreturi på staulen Øyvogslid. I byrjinga av juni jaga dei nok ein gong buskapen den tre kilometer lange vegen heimanfrå Øvre Sudgarden i Langlim og opp til staulen.

Inne i fjøset på staulen er der uroleg. Kyrne rautar og rautar. Ute svarar kalvane med det ljosare mælet sitt. Dei vimsar og sviv kring fjøset – tydeleg lengtande etter mor. Somme gonger set eit par av kalvane i å springe, og heile flokken fylgjer med i runde på runde på setervollen. Det er tidleg juni, solskin og godt med beite. Men for kyrne og kalvane er det ein spesiell dag – det er fyrste gong dei er skilde frå kvarandre, og kalvane må greie natta åleine. Hadde dei berre visst at i morgon tidleg skal dei få treffast att, og at kalvane då skal få suge mor slik dei har gjort frå dei blei fødde.

Tre kilometers veg

I fleire veker no har buskapen gått på beite heime i bygda. Så kom dagen då dei skulle flytte til staulen under fjellet Rust. Ein skulle kanskje tru at buskapen kjende leia så godt at dei ville gå beine vegen, men slik er ikkje logikken til kreturflokken. Skal tru om det ikkje er noko veldig godt og saftig gras der borte på Nystaul? Dei stikk av garde, og folka som fylgjer med har ikkje anna å gjera enn å springe for å få jaga flokken tilbake på rett veg. Så luntar dei vidare. Er bortom vegkanten for å ta seg eit jafs av og til, men særleg dei eldste kyrne veit nok kvar dei skal og kva som ventar dei av fritt liv og godt beite rundt staulen, så dei fylgjer vegen. Etter ein kring tre kilometer lang tur er dei framme. Kyrne, som skal mjølkast neste morgon, blir sette inn i fjøset, medan kviger og kalvar held til ute på den inngjerde setervollen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er Heidi Sudgarden og Eilef Nordgarden som har garden og buskapen no, men foreldra til Heidi, Arnhild og Sveinung Sudgarden, er dei som for det meste tek seg av staulesdrifta. Dagen startar med mjølking. Så er det separering, kinning og ysting.

Meieriprodukta; ystil, knåost, gamalost og rjome, går mest til familien.

– Me kinnar og yster mest til husbruk, seier dei.

Buskapen: Kyrne har blitt sett inn i fjøset, og kviger og kalvar går ute. Her er dei ved ystehuset.
Heime-beite: I fleire veker gjekk buskapen på beite heime i Langlim. Biletet er teke tidlegare i juni.

Siste mjølka til meieriet

Dei fyrste tiåra som Arnhild og Sveinung sat på staulen Øyvogslid kom mjølkebilen opp dit og henta mjølka. På denne tida var det tri gardar i Langlim som dreiv mjølkeproduksjon. Akkurat kva tid dei slutta å levere mjølk frå Øvre Sudgarden, er ikkje paret sikre på, men meiner det minst må vera tjue år sidan den siste mjølka blei sendt til meieriet. Sidan den gongen har buskapen, som for det meste er av rasen Telemarkskyr, men litt innblanda Norsk raudt fe (NRF), vore ammekyr som dei held for å ale opp kalvar til kjøtproduksjon.

Eismal: Kalven, som har gått med mor si og soge heilt til nå, må greie natta åleine.

Soge frå krisetida

Sola er i ferd med å gå ned i vest, og Arnhild har fyra opp i omnen inne i selet. I denne stoga, som Sveinung fortel at truleg er mellom og tre og fire hundre år gamal, har han tilbringa somrane heilt frå han var fødd. Foreldra, Anne og Olav Sudgarden, sat på staulen med både kyr og geiter, men etter at Arnhild og Sveinung overtok i 1975 har dei ikkje hatt geiter. Inne i den koselege stoga fortel Sveinung om krisetida i 1930-åra og korleis familien hans då streva for å få endane til å møtast. Pengemangel og armod førte til at eit digert bord, ein benk og ei seng frå Øyvogslid blei sende til Seljord for å seljast. Akkurat korleis møblane blei transporterte veit me ikkje, men her passar det nok å minne lesarane om at det ikkje kom veg til Langlim før på slutten av 1950-talet. Kjøparen var Nils Schiøtt på Vatnelian i Ordal.

– Benken og bordet blei frakta opp til Jåmann-staulen, men båe delar gjekk tapt i ein brann der, fortel Sveinung.

Staules-sommar: Arnhild og Sveinung Sudgarden har den 50. sesongen på staulen Øyvogslid. Dei flyttar ikkje heim att før i månadsskiftet august/september.

Etter at Schiøtt var død kom senga, som stod på Vatnelian, på sal att. Dette var ei veldig spesiell seng, som var laga av ein diger stokk; det var berre éi fjøl i senga. I 2003 var senga til sals hjå auksjonshuset Blomqvist. Då fekk dei opphavelege eigarane, Sudgards-folket, tilbod om å kjøpe senga tilbake for 50 000 kroner.

– Det hadde me på ingen måte råd til, ristar Sveinung på hovudet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Øyvogslid: Ifylgje Sveinung har Øyvogslid ein gong i tida vore eit gardsbruk, og det som no er sel, skal ha vore ei årestoge.

Arbeidsdagen ventar

For femtiande gongen skal Arnhild og Sveinung gå til ro i selet etter å ha flytta på staulen. Om dei får så mykje ro i natt, er vel meir usikkert. Ute ropar kalvar og kyr på kvarandre. I morgon tidleg, etter at mjølkemaskina har gjort sitt, er det framleis att litt mjølk til kalvane. Kyrne blir sleppte ut, og ro og idyll senkar seg over den beitande buskapen, medan arbeidsdagen med behandlinga av mjølka startar for dei som skal yste og kinne. Snart durar separatoren.