Felles for alle ungdomsbedriftene er fokuset på berekraft
I faget entreprenørskap og bedriftsutvikling har elevane på Kvitsund starta opp ungdomsbedrifter. Felles for alle bedriftene er fokuset på berekraft.
– Det er viktig å tenke berekraft. Det fell eit ansvar på vår generasjon fordi generasjonen over ikkje har vore så gode på det, seier Arsalan Farahini.
Han er ein av elevane på Kvitsund, som gjennom faget entreprenørskap og bedriftsutvikling, har starta opp ungdomsbedrift.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tidlegare i vår var det fylkesmeisterskap for ungdomsbedrifter. Der fekk elevane frå Kvitsund heile seks prisar.
Klima- og naturutfordringar i Vest-Telemark
Vest-Telemark blad ser nærare på utfordringane regionen står framom, kva løysingar som finst og kva tiltak som blir gjort. Prosjektet er støtta av Fritt Ord.
Vil nytte seg av nedbrytbare materialar
Ungdomsbedrifta Birdie UB har utvikla frisbeegolfdiskar. I utgangspunktet ville dei produsere diskar av resirkulert plast. Det skulle vise seg at det var krevjande å få tak i. Etter å ha leita etter ein plastprodusent store delar av året gav dei opp.
Dei fann fram til materialet PTG -plast. Dette er eit plastmateriale som er bygd opp av sukkerrøyr, maisstivelse og mjølkesyre.
– Eit slikt materiale vil bli brote ned på om lag 60 år, medan vanleg plast blir brote ned på 400 år, fortel Knut Halvard Rysstad Skinnarland og Magni Eikeland.
Dei fortel at det blir seld 2 millionar diskar til frisbeegolf i året, og dei trur ein del av dei blir liggjande att ute i naturen. Ungdommane er derfor glade for å kunne tilby eit produkt av meir miljøvenleg materiale.
– Og disken fungerer bra, fortel dei.
Dei har berre funne fram til eit firma som sel frisbeegolfdiskar av resirkulert plast i verda. Det held til i USA.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil gjere det kult å handle brukt
Bedrifta Iterum har selt brukte klede. I forkant av prosjektet gjorde dei ei marknadsundersøking som viste at det ikkje var så mange som var interessert i å handle brukt. Ein del av arbeidet vart derfor å jobbe med haldningane til folk.
– Me ville skape ein trend og gjere det kult å handle brukt, seier Arsalan Farahani.
Dei har samla inn klede som medelevar har hatt liggjande. Og så har dei selt dei vidare.
Ungdommane har hatt pop-up butikkar i Kviteseid og Porsgrunn, og også ein liten butikk på Kvitsund. Bedrifta har også seld klede på nett gjennom tise, ein gjenbruksapp, og hatt eit samarbeid med Siloen gardsbutikk i Seljord.
Sel ikkje produkt, men tenester
Bedrifta lokalhjelparen sel ikkje noko produkt, men tenester. Det er ei lokal hjelpeteneste som rettar seg mot eldre. Dei vil tilby hjelp til praktiske oppgåver som plenklipping, dekkskift, snømåking, husarbeid og handling. Ideen er å knytte eldre som treng hjelp opp til ungdom som treng arbeid.
Stian Hauge, som jobbar i Kviteseid næringshage, har vore rettleiar for bedrifta.
– Han har fiksa nettside og hjelpt oss med å skaffe kontaktar, fortel Henning Hovde Jansen.
Ungdomsbedrifta har hatt eit samarbeid både med frivilligsentralen i Kviteseid og Kviteseid kommune. Denne ungdomsbedrifta fekk heile tre prisar for arbeidet sitt då det var fylkesmeisterskap for ungdomsbedrifter i Sandefjord tidlegare i vår.
Artikkelen held fram under annonsen.
Har skapt eit meir berekraftig produkt
Elevbedrifta Holderen har produsert og seld 300 haldarar til mobiltelefon.
– IKEA sel eit liknande produkt, men det er ikkje like berekraftig, fortel elevane.
Dei har nytta overskotsmateriale, som elles hadde blitt kasta, i sitt produkt. Det er treverk frå Kviteseid – både kortreist og nedbrytbart.
Dei meiner det er viktig å behalde så mykje skog som ein kan, og har gitt 10 prosent av overskotet av salet til regnskogfondet.
– Dette er eit formål som passar godt til bedrifta vår, seier Marius Moldvsor.
Saknar praktisk handling
– Eg trur ungdommen har høyrd mykje om berekraft, men at dei saknar praktisk handling, seier Sigrun Lønning Solvang.
Ho har vore lærar i faget entreprenørskap og bedriftsutvikling, og er både stolt og imponert over arbeidsinnsatsen elevane har lagt i ungdomsbedriftene sine.
– Å drifte ei ungdomsbedrift er ei lærerik erfaring å ta med seg ut i arbeidslivet. Stadig fleire ynskjer å skape sin eigen arbeidsplass. Entreprenørskap og bedriftsutvikling handlar om å sjå moglegheiter og omsetje dei til berekraftige verksemder. Faget er i stor grad praktisk, og elevane får kompetanse i å samarbeide om å etablere, drifte og utvikle ei verksemd gjennom skuleåret, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.