Dyrsku’n avlyst for fyrste gong
Dyrsku’n har blitt arrangert kvart år sidan 1866. I år set Covid-19 ein stoppar for arrangementet.
– Nasjonale myndigheiter ved regjeringa opplyste på pressekonferansen 28.5.2020 at dei for store arrangement vidarefører gjeldande smitteverntiltak tilknytt Covid-19 ut året. Framleis gjeld forskriftsforbodet mot store arrangement, og med dette er årets Dyrsku’n 11.–13. september avlyst, melder arrangøren i ei pressemelding tysdag føremiddag.
– Det er med særs tungt hjarte vi må formidle at Dyrsku’n 2020 er avlyst. Me har håpa i det lengste på eit anna utfall, men det er klart omsyn til liv og helse må gå fyrst. Regjeringa heldt fast på på pressekonferansen 28. mai at større arrangement kan medføre risiko for store smitteutbrot og derfor blir ikkje arrangement som Dyrsku’n lovleg. Sjølv om situasjonen kan sjå både betre eller verre ut når det gjeld smittespreiinga av Covid-19 når vi kjem til september, gjer gjeldande forskriftsreglar og krav om smitteverntiltak for arrangement gjeldande for heile 2020, det uforsvarleg og umogleg å arrangere Dyrsku’n i 2020, opplyser dagleg leiar Geir Helge Espedalen i pressemeldinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han reknar at omsetjingstapet for Dyrskuplassen vil bli kring 70 millionar kroner og seier situasjonen er utfordrande.
– Me håpar sjølvsagt på langt betre kompensasjonsordningar og støtte frå staten i ei krevjande tid. Det er både trist og surrealistisk å skulle avlyse Dyrsku’n, men me tar naturlegvis vår del av samfunnsansvaret og rettar no blikket mot 2021, seier Espedalen.
Klarer knapt forstå det
Fleire tusen menneske er involvert når Noregs største landbruks- og handelsmesse skal arrangerast. Dyreeigarar treng tid til å førebu seg og sine dyr til arrangementet, varer skal bestillast og standar bemannast hjå alle dei 800 utstillarane. Rekruttering og koordinering til arrangementet frå lag og foreiningar skal på plass, og infrastrukturen rundt eit slikt storarrangement krev også store og grundige førebuingar med både interne og eksterne aktørar.
– Sjølv om det er ufatteleg trist å avlyse årets arrangement er me glade for å kunne gje våre mange viktige samarbeidspartnarar og gjester informasjon i høve vidare planlegging, seier Espedalen.
Aslak Snarteland er både styreleiar i Dyrsku’n, Dyrskuplassen, Telemark Landbruksselskap og i Telemark Bondelag.
– Det er utruleg uheldig at Dyrsku’n blir avlyst. Det er ein møteplass for både bonde og forbrukar og er særs viktig for oss i landbruket. Eg håpar verkeleg staten kjenner si besøkelsestid ovanfor Dyrsku’n i denne uverkelege tida. Eg klarar knapt å forstå at me ikkje skal på Dyrsku’n i september, seier Snarteland i pressemeldinga.
For lag og foreiningar vil eit år utan aktivitet på Dyrskuplassen merkast godt. Dyrsku’n genererer kring 10 millionar kroner til lokale og regionale lag og foreiningar.
Bekymra
Ordførar i Seljord Beate Marie Dahl Eide er bekymra for korleis Korona-krisa vil påverke Seljordsamfunnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er klart eg tenker mykje på konsekvensane for lokale arbeidsplassar, spesielt innanfor handel og reiseliv, seier Eide.
Tal innhenta frå Telemark Næringshage syner førebels ein estimert reduksjon i omsetjinga i lokal handel på fleire hundre millionar kroner.
– I Seljord er tidsrekninga før og etter Dyrsku’n. Me har mange heilårsarbeidsplassar knytt til aktivitetane på Dyrskuplassen, så konsekvensane for samfunnet vårt vil bli store, og Seljord blir særs hardt ramma. Det er avgjerande at staten no bidreg med kapital så vi kan sikre både arbeidsplassar og friviljug sektor. Lag og foreiningar har ei særleg viktig stilling i Seljordsamfunnet, og dei missar no heilt grunnleggande inntekter, seier Eide.