Klar for påske: Anne Helene Johre (f.v.), Anette Sollid, May Annette Brattestå Sollie, Rønnaug Vistad, Mathias S. Dahle, Harald Utigard, Ingrid Skåli Amundsen og Åse Jorunn Åkre spreier glede og påskestemning.

Denne gjengen skapar alltid stemning til høgtidene. I år inviterer dei til påskejakt

I påska kan du bytte ut skituren med jakt på påskeegg i dei tre kommunane Tokke, Vinje og Fyresdal. I egga ventar mange fine premiar, og dei som står bak påskejakta er den kreative gjengen på Babu.

– Mottoet vårt er å spreie glede, fortel avdelingsleiar på Åheim, May Anette Brattestå Sollie.

Ho fortel at dei i fleire år har hatt tradisjon for å skape jol- og påskestemning i lokalsamfunnet. Nissar og reinsdyr rundt omkring på Dalen og ein paviljong med skomakargata på torget ved Coop er noko av det dei har funne på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Babu er ein tilrettelagt arbeidsplass på Dalen, og Mathias S. Dahle og Harald Utigard arbeider der. Mathias bur på Åheim på Dalen, medan Harald bur i Byrte.

Medan dei i mange av dei tidlegare prosjekta har laga artige figurar og små gater og hus med mange detaljar, er årets prosjekt litt annleis.

Brattestå Sollie fortel at dei vart inspirert av selskapet Horde som i haust gøymte ein million kroner i ein ukjent skog i Noreg. Via sosiale medium fekk folk ulike hint om kvar dei skulle leite etter pengane. Pengane vart funnen etter at mange deltok på jakta i om lag ei veke.

Dedikerte: Harald Utigard (t.v.) og Mathias S. Dahle gjev 100 prosent for å skape påskestemning.

Raust næringsliv

Ingen millionbeløp skjuler seg i egga som Babu skal gøyme rundt i dei tre kommunane. Men dei forsikrar at dei har fått mange fine premiar.

– Dei aller fleste me har kontakta har sagt ja, så næringslivet har vore veldig rause, fortel Rønnaug Vistad som jobbar på Åheim og Babu.

Blant premiane dei har fått er tur med Victoria, overnatting i tretopphytta i Lårdal, gåvekort på Spar i Fyresdal på 2000 kroner og gåvekort på Mjonøy. Mellom anna. Dei har så langt fått rundt 40 premiar og satsar på at det blir om lag 15 egg som folk kan leite etter fordelt på dei tre kommunane Tokke, Vinje og Fyresdal.

– Det er Harald som er kongen av innsamlinga, røper Brattestå Sollie.

Harald smiler lurt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men kva han gjer for å få så mykje ja frå næringslivet er visstnok topphemmeleg.

– Det er sjarm, vel, smiler Brattestå Sollie.

Variert arbeidskvardag: Harald Utigard frå Byrte arbeider på Babu kvar dag. Dei finn på mange ulike prosjekt gjennom året. Her er Utigard saman med Åse Jorunn Åkre.

Dagen før VTB var på besøk hadde dei vore på tur til Bø og handla ein haug av påskeegg, kyllingkostymer, påskebriller, pynt og påskehårbøyler. Dei kjem seg lett rundt med den nye Babu-bilen. Brattestå Sollie fortel at den var ny i haust, og at det er mykje arbeid som ligg bak – heilt konkret er bilen kjøpt for 184 000 panteflasker. Babu har nemleg eit samarbeid med Røde Kors og samlar inn panteflasker i Tokke og Rauland. Det blir det pengar av.

Folk må følgje med på hint

Påskejakta til Babu blir også godt formidla via sosiale medium. Dei brukar både Instagram og Facebook, og målet er å nå tusen følgarar fram mot påske.

Dei som vil ut å jakte etter påskeegg må følge med på Instagram og Facebook. Der er nemleg der hinta kjem.

– Det må vere litt vanskeleg. I alle fall i starten. Men me har ikkje bestemt heilt kva dei ulike hinta blir. Me skal ha eit møte om det, og det blir sjølvsagt «top secret», smiler Brattestå Sollie.

Dei fyrste hinta kjem onsdag i påskeveka, og det vil sjølvsagt bli enklare etter kvart som ein får fleire hint.

Kvar egga skal ligge har dei heller ikkje bestemt, men dei trur det blir mykje ut i skog og mark og ikkje så mange «typiske» stadar. Litt utfordrande skal det vere for folk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brattestå Sollie og kollegaene på Babu og Åheim fortel at målet heile tida er å spreie glede. Derfor heiter kontoane deira på sosiale medium også «Me spreier gleder». Ved å bruke sosiale medium når dei ut til fleire hundre personar.

– Det er koseleg å vise fram kva me gjer, fortel avdelingsleiaren, som håpar på å nå endå fleire med påskejakta.

Dei har også laga eit dikt for å lokke til seg ny følgarar på Facebook og Instagram:

Babuharen har tatt seg ein tur

Kanskje lagt ut eit egg der du bur

No gjeld det å ut i naturen å leite

Det kan nok hende du må leite ei beite

I bygd og i skog, og i bakkar og li

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan det hende du finn eit egg med noko spanande i?!

Leietrådar kan du finne, om du fylgjer oss her inne:

Stil: Når denne bilen kjem rullande er det ingen tvil om kven som er på tur. «Babu – me spreier glede», står det på den nye elbilen som er kjøpt for pantepengar. 184 000 flasker for å vere heilt nøyaktig.