Delegasjonen frå Vest Telemark: F.v. Ingebjørg Kristense Øygarden, Per Helge Seltveit, Tor M. Byggland og Gunnar Haugo.

Delegasjonen frå Vest-Telemark har tru på den nye leiaren: – Kjem til å seie tydeleg ifrå

Norsk Bonde- og småbrukarlag (NBS) sitt 93. landsmøte blei arrangert siste helga i oktober på Hamar. 160 utsendingar stilte frå lokallaga, pluss om lag 100 gjester og observatørar. Mat- og landbruksminister Sandra Borch deltok på laurdagen. Lokallaget i Vest-Telemark stilte med fire utsendingar, blant dei var leiar Gunnar Haugo.

Tor Jacob Solberg, tidlegare aktiv i #bondeopprør21, vart samrøystes valt til ny leiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er trygg på at Solberg kjem til å gjere ein god jobb som leiar, seier Haugo i ein kommentar.

– Bonde- og småbrukarlaget med Solberg i spissen, kjem til å seie tydeleg ifrå om kva for rammevilkår bøndene treng for å sikre matforsyninga i usikre tider, avsluttar Haugo

Frå NBS-administrasjonen i Oslo blir det meldt om mange nye innmeldingar etter landsmøtet og stor optimisme i organisasjonen.

Etter fire år som leiar vart Kjersti Hoff takka av for den gode jobben ho har gjort gjennom ei uroleg tid med både pandemi og krig i Europa. Som takk for innsatsen og godt samarbeid gav lokallaget i Vest-Telemark ein kniv til Kjersti Hoff, laga av den lokale knivmakaren Aslak H. Versto.

Valt: Ny leiar i Norsk Bonde- og småbrukarlag Tor Jacob Solberg klar for innsats.