Leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, i landbruks- og matdepartementet for å overlevere kravet i årets jordbruksoppgjer.Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Bøndene krev lønnsvekst på 171.300 kroner – staten har aldri sett liknande

Bondelaget krev inntektsvekst på 171.300 kroner per årsverk i jordbruket. – Vi har nok aldri opplevd noko liknande, var den første reaksjonen til regjeringa.

– Kravet er svært høgt. Det er tre gonger høgare enn resultatet av forhandlingane i fjor, sa forhandlingsleiaren i staten Viil Søyland på ein pressekonferanse onsdag formiddag.

Ein time tidlegare hadde ho motteke kravet frå Noregs Bondelag. Samla utgjer det seg til 6,9 milliardar kroner, tilsvarande ein inntektsauke per årsverk på 171.300 kroner neste år. Av dette går 120.000 kroner til å tette gapet mellom bonden og andre grupper – eit mål regjeringa har programfesta i Hurdalsplattforma.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er høge forventningar i jordbruket som er vanskeleg å handtere i balansen mot andre politikkområde og budsjettbehov. Kravet inneber ein auke i støtta over statsbudsjettet på 5,4 milliardar kroner, sa Søyland, som konkluderte med at «forhandlingane blir krevjande».

Jordbruksforhandlingane startar først etter at regjeringa har gitt tilbodet sitt og viss Bondelaget vel å gå i forhandlingar etter å ha vurdert tilbodet. Det kjem om halvanna vekes tid.

Slik er kravet

– Eg er særleg bekymra for den dårlege lønnsemda for mjølkebonden. Derfor krev vi ei særskild prioritering av mjølk. Produksjonen er ein berebjelke for å halde oppe matproduksjonen i distrikta, seier bondelagsleiar Bjørn Gimming.

* Ramma på kravet er 6,9 milliardar kroner. Av dette er 1,1 milliard kroner kostnadsdekning og 888 millionar kroner i kompensasjon for tapte inntekter i åra frå 2021 til 2023.

* Finansieringa blir foreslått gjort gjennom auka målprisar med 1,07 milliard kroner og budsjettoverføringar på 5,4 milliardar kroner.

* Jordbruksfrådrag og ledige midlar utgjer 433 millionar kroner.

– For at bonden framleis skal kunne produsere mat over heile landet, er det tvingande nødvendig å løfte inntekta for alle bønder og produksjonar. Då sikrar vi også beredskap og auka sjølvforsyning i ei framleis uroleg tid, seier Gimming.

Nødvendig krav

– Dette er eit heilt nødvendig krav viss bonden skal fortsette å vera bonde, og for å få den yngre generasjonen til å bli matprodusentar, seier leiar i Telemark Bondelag, Trude Flatland frå Øyfjell i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kravet lyftar alle produksjonar, og leiaren i Telemark Bondelag er glad for at mjølkeproduksjonen blir prioritert særskilt.

Leiar: Trude Flatland er leiar i Telemark Bondelag.

– Ryggraden i norsk landbruk er mjølkeproduksjon og produsentane opplever store økonomiske utfordringar. Med det som bakgrunn er prioriteringa av mjølk riktig, seier Flatland.

Låg vekst i år

Bøndene ligg an til å få 12.700 kroner meir å rutte med i år, tilsvarande 2,7 prosent, etter å ha hatt ein solid inntektsvekst i fjor. Det viser tal frå Budsjettnemnda for jordbruket, som dannar grunnlaget for forhandlingane i jordbruksoppgjeret.

Til gjengjeld viser fasiten for fjoråret at den samla inntekta til bonden – vederlag for arbeid og eigenkapital inkludert effekten av jordbruksfrådraget – steig med 14,4 prosent, tilsvarande 58.900 kroner.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag er ikkje del av forhandlingane i år. For første gong sidan ordninga vart innført i 1950, klarte ikkje organisasjonane til bøndene å bli samde om eit felles krav. Bondelaget forhandlar derfor åleine på vegner av heile jordbruket.

– Vi registrerer at vi ser svært ulikt på behovet den norske bonden har for å få framtidstru. I ei tid med krig i Europa og kraftig uvisse om matsystema i verda, meiner vi dette er feil veg å gå, seier leiar Tor Jacob Solberg i Bonde- og småbrukarlaget til NTB.

Bøndene får politisk støtte

Sjølv om oppgjeret i fjor var stort, ligg det faktisk an til reallønnsnedgang for jordbruket i år, poengterer leiar Olaug Bollestad i Kristeleg Folkeparti. Ho meiner det er avgjerande for framtida til næringa at inntektsgapet til andre grupper blir tetta.

– Dette er ikkje berre avgjerande for næringa – det er avgjerande for norsk sjølvforsyning og tryggingspolitikk. Det er i heile Noregs interesse at regjeringa kjem bøndene i møte her, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa har programfesta inntektsutjamning i Hurdalsplattforma. Etter Bondelagets syn er det derfor den politiske viljen det først og fremst står på.

– Landbruks- og matminister Sandra Borch må hugse sine eigne løfte, og leggje fram eit tilbod som sikrar at inntektsgapet mellom bønder og resten av befolkninga blir tetta, seier landbrukspolitisk talsperson Geir Jørgensen i Raudt.

Regjeringa må leggje pengane på bordet, meiner Rasmus Hansson i MDG: – Det kostar å produsere mat i Noreg, men den prisen må vi vere villige til å betale. Viss vi vil ha bønder til å produsere maten må vi sikre dei inntekt nok til at dei kan gjere jobben. Vi er nøydde til å tette inntektsgapet mellom bønder og andre.

Leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming, overlevere kravet i årets jordbruksoppgjer til ekspedisjonssjef Viil Søyland i Landbruks- og matdepartementet.Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming i Landbruks- og matdepartementet for å overlevere kravet i årets jordbruksoppgjer.Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Illustrasjonsfoto: Carina Johansen / NTB / NPK