Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) under pressekonferansen om jordbruksoppgjeret for 2023.Foto: Annika Byrde / NTB / NPK

Bøndene får inntektsauke på 23 prosent – vel 110.000 kroner per årsverk

Staten og jordbruket er samde i jordbruksoppgjeret. Avtalen har ei ramme på 4,15 milliardar kroner – midt mellom kravet frå jordbruket og tilbodet frå staten.

I ei pressemelding skriv Landbruks- og matdepartementet at avtalen inneber ein inntektsauke på 23 prosent, godt og vel 110.000 kroner per årsverk. I tillegg til at ein kompenserer for auka kostnader, reduserer avtalen avstanden til andre inntektsgrupper med 60.000 kroner.

– Regjeringa viser tydeleg at vi prioriterer nasjonal matberedskap. Denne semja mellom jordbruket og staten vil bidra til å tryggje matproduksjonen over heile landet, mattryggleik og auka sjølvforsyning, seier landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp).

Artikkelen held fram under annonsen.

Møtest på midten

– Vi har forhandla fram eit viktig inntektsløft for bonden i 2024. Det betyr mykje økonomisk. Målet vårt er å ha eit aktivt landbruk over heile landet, slik at vi kan utføre samfunnsoppdraget vårt: Å produsere mat til den norske befolkninga, seier leiar Bjørn Gimming i Noregs Bondelag i ei pressemelding.

Bondelagsleiar: Bjørn Gimming. Arkivfoto.

Bøndene kravde 6,9 milliardar kroner, medan staten tilbaud 3,3 milliardar. Sluttresultatet på 4,15 milliardar blir finansiert med 2,9 milliardar kroner frå statsbudsjettet, 864 millionar kroner i aukar av målprisane, og dessutan 48 millionar i overførte midlar og 328 millionar i endra verdi av jordbruksfrådraget.

Produksjonstaket for mjølkekvote blir senka frå 900.000 liter til 700.000 liter, noko som har vore viktig for både regjeringa og jordbruket.

Mjølkeproduksjon i sentrum

– Mjølkeproduksjon er ein berebjelke i norsk matproduksjon. Mjølkeprodusentar får auka målpris og ein stor auke av distriktstilskot og husdyrtilskot. Gjennom ein auke i investeringsmidlar tek vi eit større ansvar for den omstillinga som landbruket står i, noko som er viktig for utviklinga i norsk mjølkeproduksjon og med tanke på kravet til lausdrift, seier Borch.

9,3 milliardar kroner blir løyvde til klima- og miljøjustering for jordbruket, medan velferdsutfordringar for unge bønder og landbruk i Nord-Noreg også er viktige deler av avtalen.

– Avtalen løftar inntektene for alle bønder, og for alle produksjonar. Vi opplever at regjeringa ønskjer å prioritere verdien av matproduksjonen. Det er viktig skal bonden framleis ha tru på jobben som matprodusent. Men jobben med å løfte inntekta til bonden er langt frå over, understrekar Bjørn Gimming.

(©NPK)