I Noregs største alpinanlegg Trysil fryktar ein å miste så mykje som 80 prosent av kundegrunnlaget når grensa erstengde, ifølgje Alpinanleggenes Landsforening. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK

Alpinnæringa ber om ei meir treffsikker kompensasjonsordning

Norsk alpinnæring ber styresmaktene sikre ei kompensasjonsordning som treffer betre. Ifølgje nye tal er det berre utbetalt 10,2 millionar kroner.

Koronapandemien har ført til store økonomiske tap for alpinnæringa i Noreg etter at landet stengde ned 12. mars.

Før sommaren løyvde Stortinget 250 millionar kroner i kompensasjon til alpinanlegg og tivoli for å dekkje utgifter til lovpålagt vedlikehald.

Ifølgje ferske tal frå Innovasjon Noreg er utbetalingane til alpinanlegga berre på 10,2 millionar kroner, sjølv om det er søkt for 88 millionar.

– Tala viser at krisepakken til regjeringa i lita grad har treft næringa. Det er få som har fått støtte, og dei som har fått innvilga søknadene sine, har fått langt mindre enn skissert. Politikarane har løyvd midla. No må ein få ordninga til å fungere slik at desse når bransjen, seier generalsekretær Camilla Sylling Clausen i Alpinanleggenes Landsforening i ei pressemelding.

Bransjeforeininga representerer over 200 alpinanlegg i Noreg som ein normal vinter omset heiskort for om lag 1,4 milliardar kroner.

Tysdag uttaler næringsminister Iselin Nybø (V) til NTB:

– Vi har stor merksemd på reiselivet. Regjeringa meiner det er viktig å sikre gode og føreseielege rammevilkår for alt næringsliv – òg reiselivsnæringa. No jobbar vi med ei eiga kompensasjonsordning for reiselivet som framleis er hardt ramma av smitteverntiltaka.

(©NPK)