– Det er mange produsentar som i mange år har nytta seg av sesongarbeidarar frå tredjeland, seier landbruksministeren. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Alle utanlandske sesongarbeidarar i landbruket får reise inn i Noreg igjen

Regjeringa har vedteke å opne for at alle utanlandske sesongarbeidarar som skal arbeide i landbruket, kan reise inn i Noreg.

– Eg er glad for at vi no får gjort endringar i regelverket som inneber at sesongarbeidarar frå land utanfor EØS som skal arbeide i landbruket, kan komme til Noreg, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

– Dette er viktig for næringane våre. Det er mange produsentar som i mange år har nytta seg av sesongarbeidarar frå tredjeland. No opnar vi for at arbeidsgivarar kan få den arbeidskrafta dei treng, held ho fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Karantenereglar

Regjeringa understrekar at sesongarbeidarane må etterleve dei til kvar tid gjeldande reglane om karantene når dei kjem til Noreg frå utlandet.

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) seier at det er viktig å opne opp når smittesituasjonen tillèt det.

– Derfor gjer vi det no mogleg for sesongarbeidarar frå tredjeland å komme til Noreg. Eg må likevel minne arbeidsgivarane om at smittesituasjonen medfører praktiske utfordringar, seier Mæland.

Avgrensa flytrafikk

Blant desse utfordringane er at dei fleste av dei norske visumkontora i utlandet inntil vidare er stengde, og at det er avgrensa flytrafikk.

– Regjeringa jobbar kontinuerleg med å finne den rette balansen mellom omsynet til smittevern og andre viktige samfunnsomsyn, seier justisministeren.

Regjeringa opnar òg for at familie, sambuarar og barn av EU- og EØS-borgarar får komme inn i Noreg.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad på ein pressekonferanse nyleg. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK