Rein: Rein

Villreinens fiendar!

Eg er einig i stort sett alt det Tommy Lindskog skriv i eit langt innlegg i VTB si ytringsspalte den 21. juli under overskrifta «Kven er eigentleg villreinens største fiendar?». Eg forstår at Tommy er glad i både å sjå og oppleve levande villrein og også jakte på den som eit nødvendig tiltak i forvaltninga. Men at jakta og alt som følger med på toppen av alle andre forstyrrande faktorar stressar villreinen kan ikkje stikkast under stol. Jerven som «sunnheitspoliti» og «forvaltar» i villreinstamma nemner han ikkje. Jerven tek ut dei svakaste dyra, slik at ein får ei livskraftig stamme, og legg at åtsel gjennom heile året til beste for den truga fjellreven.

Haldningane til Tommy andsynes villreinen er det fleire som burde ha. Større oppleving enn å sjå ein stor villreinflokk vandre på vidda skal ein leite lenge etter, og gjer at ein blir respektfull for naturens mangfald og for «nasjonaldyret» villreinen som ein truga art med alt for mange «fiendar». Helsing ein som var villreinoppsyn på gamlemåten før SNO, snøskuter, ATV, helikopter og sjøfly si tid og som har vandra vidda endelangs til alle årstider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jon Ingebretsen

tilårskomen naturrettleiar

Les også
Kven er eigentleg villreinens største fiendar?