Meiningar

Villrein – logisk og opplagt tilnærming. Overordna «fugleperspektiv»

Lesarinnlegg

Publisert Sist oppdatert

Mange vil nok reagere på overskrifta – ja kanskje vil nokon få «kaffien i vrangstrupa», men for meg framstår saka likefullt slik.

Undertegna er ingen villrein «ekspert», men eg kan litt om samanhengar i naturen, og konsekvensar av menneskleg aktivitetar i naturen. Etter eit – etterkvart – relativt langt liv som «naturvernar». Når eg nå skriv dette, så er eg klar over at alle dei som meiner at vi bare kan fortsete som før – også i forhold til villreinen – står klare til å «sette meg på plass». Det er fleire av dei – og dei er nokså skråsikre.

Det får så vere, eg tåler det! Sannsynlegvis så kan eg ha rett likevel.

Villreinen krev handling nå – dvs. kraftige grep, og endring i forhold til menneskleg atferd i villreinområder – og like viktig - i randsonene til desse områda. Dvs. begrensing/styring og også forbud. Dette gjeld både fotturisme, snoskuter, helikopter, firhjulingar, sykling, kiting, hyttebygging mm. I forhold til hyttebygging – så gjeld dette naturlegvis også stenging/fjerning av DNT hytter. Det er ting som er viktigare enn allemannsretten.

Fordi: Nokon har åpenbart forveksla allemannsretten – med å ta seg til rette i naturen. Det vere for å tjene pengar, eller for «sjølvrealisering og adrenalinkick».

Nokon hevdar at der ikkje er meir turistar nå enn for 50 år sidan, då vil eg påpeke fylgjande:

Hadde vi like mange hytter og snoskuterar for 50 år sidan?

Hadde vi kiting og sykling inn i desse områda for 50 år sidan?

 osv., osv.

Problemet er at vi har meir av alt nå – det medfører at samla belastning for villrein og økosystem (td. myr) i naturen i 2025 kontra 1975 – er massivt større. Vi pressar grenser på alle områder. Økosystem tåler ikkje ubegrensa med negativ påverknad – til slutt så kollapsar dei. Ting har alltid ein samanheng – på alle områder. Måten vi lever og forbrukar natur på – får naturlegvis ein konsekvens for naturen og dei som lever i naturen. Ingen individ – inkl. menneska, og alt artsmangfald er upåvirka av vår framferd/levemåte.

Slik er det også med villreinen – den har vi eit særleg ansvar for! Villreinen slit nå, pga. vår framferd inn i deira områder.

Dette er det eg meiner med logisk og opplagt tilnærming – kall det gjerne erfaringsbasera og faktabasera kunnskap.

Kan dette vere så vanskleg?

Så er eg klar over at det er mogleg «å lukke augo» - og fortsete som før, for kortsiktig vinning – Naturvernforbundet i Vest-Telemark (NVVT) meiner det er uforsvarleg.

Offentleg arealforvaltning kan ikkje «lukke augo» – for dei og vi, har eit særleg forvaltningsansvar for villrein – og også for natur i eit større perspektiv.

NVVT vil formidle dette synet til Regjeringa i høyringsrunden for tiltaksplanar for villreinen.

Det er alvor nå!

Torfinn Sanden

Naturvernforbundet i Vest-Telemark

Powered by Labrador CMS