Ville bringebær
Ville bringebær er eldgamle minne. Frå steikande varme sommardagar, i lende med steinrøysar og gamal hogst der det var fare for hoggorm. Der stod dei ville bringebærbuskane, dei unge buskane som hadde blomstra og bore frukt for fyrste gong, bæra var store og mørkt raude og fulle av søt saft. Det var ivrige kvinner som tenkte syltetøy til vinteren. Saft på flaskur tenkte dei, til den lange vintern. Det var mor og besta og tantur – dei hadde rutute forkle og plagg på hovudet, alltid, det var knytta stramt i nakken og blei gjerne dregne godt ned over augo når det var sterk sol. Slektningar frå byen hekk gjerne med, dette var ein ferie.
Det var stort sett berre kvinner og små jentungar som hausta i bærskogen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mykje bringebær, for ein herlegdom! Ein rikdom å ha mange flaskur saft i ein kald kjellar, når ungane var vinterbleike og matleie.
Stemningen var alltid god, røystene var glade og livlege, slik var det i bringebærskogen, og såg det lagleg ut for orm tok me ein påk og slo i jorda med, eller på ein stein. Sjå seg for, tenk over kvar du set ned foten. Kva tala dei om? Om norgesglas! pålitlege når berre gummiringane ikkje vaska i for heitt vatn. Korleis få flaskune absolutt tette.
For ein rikdom det var, med syltetøy og saft på rad og rekke i ein kald kjellar!
Tekst og teikning: Sigrid Nordskog