Meiningar

Vest-Telemark Blad – eit forhold til lesarane gjennom 53 år

Vi er to eldre lesarar av VTB. I det daglege er me så heldige at me har våre Ipadar som bringar verda inn med all sin elendighet. Lyspunkta kjem likevel inn når me har Vest-Telemark Blad, både digitalt og i papirutgåve. Det er ein grunn til at VTB er største lokalavisa i Telemark. Kvifor den er det, og kva som er årsaka,  kunne vere grunnlag for ei doktoravhandling innafor kommunikasjon.

Mitt fyrste møte med VTB var i 1976 då eg hadde vendt attende til Vest-Telemark etter nokre år hjå fylkesmannen i Vest-Agder. Eit langt intervju med redaktør Tore Skaug enda i ein artikkel med teksta «Grøn agronom i Tokke». Tore Skaug blei etter kvart ein person som eg fekk stor respekt for, og der vi etter kvart blei gode vener. Tore var glødande oppteken av å skape ei lokalavis som kunne avspegle alle sider av bygdesamfunnet, men også ei avis som kunne kjempe for bygdesamfunnet. Seinare  tok eg etterutdanning i pedagogikk og rådgjeving. Eit av faga var bygdesosiologi. Då skjøna eg at VTB dreiv med bygdesosiologi i praksis.

VTB har endra seg radikalt frå slik den var i Tore Skaug si tid. Etter mitt skjønn har avisa funne ei form som høver i dagens digitale verd, men som framleis held på den informative delen om dekningsområdet sitt. Ein god illustrasjon av dette har me førsdølane opplevd gjennom måten VTB har kome med oppdatert informasjon om utviklinga av datasenteret. Når E24 sender eit korps av journalistar for å skrive om datasenteret i Fyresdal, er det lett å sjå at dei hadde lest seg opp på VTB på førehand.

Det er å vone at VTB klarar å finne ei form som til ei kvar tid blir verdsett av oss lesarane.  Måten noverande redaksjon klarar å nå oss på i sitt 53. år gjev grunnlag for optimisme!

Fyresdal ultimo juli 2026

Lars Veum

Powered by Labrador CMS