Ver som Marthe. Me har alle eit ansvar. Ver med og redd liv

Det skjedde igjen. Det meiningslause som berre er meiningslaust.

Laurdag opplevde endå ein familie, mange vener og eit lokalsamfunn det tragiske. Dei mista det umistelege. Ein ung mann omkom då bilen han sat i køyrde av vegen. To kameratar er sikta for aktlaust drap. Politiet mistenker køyring i ruspåverka tilstand.

No tek lensmann Sigrid Dahl i Midt- og Vest-Telemark på ny eit oppgjer med ukulturen i regionen. Ho fortel om ein for høg aksept for risikoåtferd og at dei som vil seie frå ikkje tør det i frykt for represalier og utfrysing.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvifor er det å «sladre» på naboen så ille at ein let vera å hindre dødsulykker? er det brutale spørsmålet lensmannen stiller i eit lesarinnlegg.

«Historiene må ikkje bli gløymd. Ikkje no. Ikkje om eitt år – eller tre år. Me må vera medvitne haldningane våre og kvarandre heile tida. Me skal ikkje vente til neste tragiske ulykke før me igjen står saman – og seier at dette aldri skal skje igjen».

Sitatet er frå VTBs temaavis «Me har ingen å miste» frå november 2018. Då hadde eit heilt lokalsamfunn mobilisert etter at ein ung mann mista livet i ei ulykke på Fyresvatn.

Det skjedde igjen. Og det vil dessverre skje igjen også i framtida. Det er ingen brytar å slå av eller på. Haldningar må bli endra. Men det tek tid.

Me kan ikkje sitje stille og klage på at politiet er for lite til stades. Ja, me treng eit meir synleg politi i kvardagen i Vest-Telemark, men det er ikkje derfor nokon tek valet om å setje seg bak rattet sjølv om ein har drukke.

Fyrst og fremst må me alle gå i oss sjølve, unge, vaksne og eldre. Kvar enkelt må bidra for at me skal bli kvitt ukulturen.

Marthe Nilsen frå Kvinesdal fortalde om sine opplevingar på eit folkemøte i Fyresdal for to år sidan. Ho tok bilnykkelen frå ein full mann som ville køyre ein tur. Mannen svara med å plante albogen i eine auget hennar, før ho sprang avstad med nykkelen. Dagen etter kom mannen til henne for å hente nykkelen. Han bad om unnskyldning. Og fylgde opp:

– Du redda livet mitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ver som Marthe. Me har alle eit ansvar. Ver med og redd liv.