Urimelege krav frå plan- og miljøutvalet mot brørne Olav og Sondre Berget i Arabygdi

Takk til VTB for god reportasje og gjennomgang av drivepliktsaka på Sudbø i Arabygdi. Det er greit å «vera hard i klypa» i eindel tilfelle, men dette er då ute av alle proporsjonar.

Les også
Konflikt om driveplikt i Vinje: – Me kjenner oss uønskte og mistrudde
Les også
– Ein kan ikkje berre gjere som ein vil fordi det er fint

Dette er ein gard med 27 da jordbruksareal, av dette 17 da fulldyrka. Arealet er i 6 teigar, fleire er små og bratte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saka byrja med at brørne planera eit jordstykke, udyrka eller dårleg overflatedyrka jord, ca 0,5 da nord for driftsbygningen slik at dei fekk ein parkeringsplass for traktor, reidskap, gravemaskin, bilar m.m. Dette var eit bra tiltak slik at ein fekk maskiner m.m. samla og vekk frå tunet. Det vart også sett opp eit møtetelt slik at pinsevenene kunne ha sommarstemne her. I driftsbygningen vart det laga tre fine rom med toalett og dusj i kvart rom. Som «straff» for omdisponeringa av ca 0,5 da vart dei pålagt å grøfte eit areal på 6 da ovanfor låven. Her var det svært blaut. Tiltaket var bra og nødvendig.

Brørne hadde søkt om frist til nov. 2022, men planutvalet sette 1. juni. Grøftinga var ferdig pr 30. mai 2022 og innan tidsfristen 1. juni. Det var svært mykje stein slik at opprydjingsarbeid og tilsåing tok tid, men var ferdig sådd 29. juni. November ville likevel ha vori innan den vanlege 3 årsfristen for å få grøftetilskot. For oss som har drive praktisk jordbruk veit godt at det ikkje er så enkelt å få eit arbeid ferdig som ein trur. På grunn av sein oppturking ville det ikkje ha vori mogleg å så, så tidleg som før 1. juni. Eg tek dette så grundig for å syne kor urimeleg vilkår som var sett. Det minner litt om gamle Sovjet der såtida vart fastsett på nyåret. Bakgrunnen for kravet om 1. juni var at dei skulle få ei avling fyrste sommar. Ei avling ville i alle fall bli svært lita.

I vedtaket frå PMU 20.10.2021 står det m.a. at dersom areala pr 20.06.2022 ikkje vert nytta til vanleg landbruksproduksjon vert det fakturert tvangsmulkt pålydande 500 kr pr dag reikna frå 20.06.2022. Sådatoen var 9 dagar etter dette. Saka vart då sendt til Statsforvaltaren med krav om tvangsmulkt

Om sanksjonar seier reglane i punkt 7.5.2:

«Som etter dagens praksis ,legges det til grunn at bruddet på driveplikten må være vesentlig for at offentlige sanksjoner skal kunne anvendes. Spørsmålet om at arealet kan drives lønnsomt, er av betydning ved denne avgjørelsen. Jordbruksareal som er oppdelt i små teiger av ubetydelig produksjonsmessig verdi, eller som ligger utilgjengelig for drift, vil regelmessig ikke gi grunnlag for lønnsom drift»

Det er klårt at det ikkje er grunnlag for tvangsmulkt slik PMU har vedteke. Arealet er grøfta og tilsådd.

Arealet mellom Arabygdvegen og Totak, er i dag etter oppfylling av tunnellmasse ca 4 da. Før oppfyllinga var det mykje mindre, 2,3 da og ved høgt vatn var det truleg overfløymt og vass-sjukt. I samarbeid med Statkraft vart det køyrd på tunnellmasse frå tippen og med eit lag matjord på toppen har dette blitt eit svært fint område, grønt, fast, lite fare for flaum, ligg fint til ned til Totak med høve til bading,fisking og båtutsett, eit ypparleg opplegg for ein campingplass. Her gjere plan- og miljøutvalet (PMU) det til eit stort problem at det er sådd plenfrø og ikkje vanleg engfrø. Ein annan alvorleg feil er at det ligg ein fin og flat vegsløyfe etter arealet slik at det kan brukast til camping. Utan veg og sådd til med vanleg engfrø ville ei avling gjeva for til 4-5 sau. Inntekta av dette ville vera minimal mot ein campingplass. Ein campingplass ville gjeva liv og røre i bygdi og det ville bli ei monaleg attåtnæring til garden. Arealet har blitt nesten dobbelt så stort og er ikkje vass-sjukt eller i fare for å bli overfløymd.

Matproduksjon er sjølsagt viktig, men her er kulturlandskapet viktigare. Ved innkøyringa til Arabygdi er det i dag svært fint. Driftsbygningen er under opp-pussing Campingplassen er ei perle. Det er orden rundt husa. Jorda er slått.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er og tydeleg at utvalet ikkje ynskjer noko dialog med brørne. Dei fekk sein innkalling til synfaringa og ein e-post med melding om at det er opp til utvalsleiar om dei får uttale seg. Tenk det! Det er då heilt vanleg i eit demokrati at partane får uttale seg. Brørne har henta fagleg støtte frå Norsk Landbruksrådgjeving, men denne rapporten vart ikkje lagt fram i utvalsmøte 31. aug. Det vart heller ikkje nemnt i møtet at dei hadde sendt innspel til rullering av arealplanen året før. I det heile verkar det som at det skal skapas eit inntrykk av brørne som vrange og lite samarbeidsviljuge. Det ser ut som PMU praktiserar ei form for diktatur.

Løyvet til til oppfylling m.m. har blitt omtvista, men slik det er, er det god grunn for brørne for deira tolking. Når ein ser kor fint det har blitt med det store og grøne arealet, fine murar, rydda kjerr og tre mot Totak, så bør utvalet godtaka dette utan meir flisespikking. Det er som ein i utvalet sa. «Det er ei perle» (ref. frå VTB). Det er uklokt av kommunen å motarbeide dei som vil noko. Ordføraren bør rydde opp i denne saka. Få til eit dialogmøte med statsforvaltar, Aslak Botten frå Norsk Landbruksrådgjeving, brørne sjølvsagt, PMU og administrasjon m.m. og sjølsagt med Vest-Telemark blad!

Halvor Øygarden

tidlegare heradsagronom og landbruksrådgjevar