Trafikkavviklinga på Haukelifjell er upåklageleg!

Mykje av det som har kome fram i media og frå enkelte skeptikarar når der gjeld lange ventetider og tilrådde lange omkøyringsvegar i samband med tunnelarbeida i Vågslitunnellen og Dyrskartunnellen, er etter mi meining uberettiga. Det same gjeld spekulasjonar om at dette er ein bevisst agenda for å framsnakke riksveg 7 over Hardangervidda framfor E 134. (Riksveg 7 burde eigentleg vore stengt vinterstid både av omsyn til villreinen og det ressurskrevjande vintervedlikehaldet).

I samband med fjellturar på Haukelifjell, har eg ved fleire høve «testa» korleis trafikkforholda blir takla ved begge tunnellane. Tungtransporten køyrer kolonne gjennomn Vågslitunnellen medan personbilar køyrer i kolonne på gamlevegen over Kreklingdyrskar, i begge tilfelle med følgebilar. Ventetida er ikkje lenger enn maksimalt tida det tek å køyre strekningane ei retning. Derimot er eit av problema tidvis skodelystne bilturistar som stoppar på gamlevegen og hindrar kolonnene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved Dyrskartunnellen er ventetida naturleg nok noko lengre, men også her maksimalt tida som trengs for å køyre gamlevegen over Dyrskar, der alle typer køyretøy blir sendt over i kolonne med følgebil. Her er alle veglommer stengt for å hindre at personbilar stoppar og skaper ulempe for trafikkavviklinga.

Mitt inntrykk og erfaring er at mannskapa gjer jobben med flyt i trafikkavviklinga på ein tilfredsstillande måte så godt dei kan, situasjonen tatt i betrektning. Krisemaksimeringa med ventetider på fleire timar og infomasjonen om svært lange omkøyringsvegar verkar oppkonstruert.

Moglegvis har det å gjere med at vegen er stengt nokre timar nattestid, da det dessutan er oppretta oppstillings- og venteplass for tunge køyretøy i Vågsli.

Derimot er problemet som alltid elles i biltrafikken egoistiske bilistar med påstått dårleg tid og i store flotte personbilar, helst frå Oslo og Austlandet, som tek seg tilrette, snik i køen, øydelegg for andre, er trafikkfarleg og er ei utfordring for mannskapa.

Jon Ingebretsen