Den fyrste redaktøren: – Ingen enkeltperson har betydd meir enn Tore Skaug for at VTB har den posisjonen avisa har i dag, skriv dagens redaktør i lokalavisa.

Tore Skaug (1939–2022)

Den fyrste redaktøren i Vest-Telemark blad, Tore Skaug, døydde onsdag – 82 år gamal.

Bladstoga i Kviteseid, november 2013:

«Det var det eg håpa».

Artikkelen held fram under annonsen.

Gratulasjonsmeldinga frå Tore Skaug lyste mot meg i innboksen dagen etter at det blei kunngjort at eg skulle bli ny redaktør i Vest-Telemark blad. Eg blei overraska og fylt med ro. Ein slik attest og godkjent-stempel frå «gamleredaktøren» var viktig å ta med seg i ein krevjande, men viktig jobb i regionen.

Eg har hatt stor respekt for Tore Skaug sidan eg helsa på han for fyrste gong som sommarvikar på slutten av 90-talet, men eg klarte ikkje heilt sleppe tanken om mannen med dei skarpe kommentarane meinte alt var betre før.

Det var sjeldan ros å få som ung journalist.

Snart innsåg eg at kritikk, korrektur og korreksjonar på e-post berre var eit uttrykk for at han framleis brann for avisa og at han berre ville det beste – ei lokalavis for Vest-Telemark som både skulle vera limet og lupa i lokalsamfunnet.

Respekten for både mennesket og bladstyraren Tore Skaug kunne ikkje vore større.

«Svært heldig tilsetjing»

«Ein av dei viktigaste årsakene til at bladet fekk så god start er at under leiinga hans vart det eit svært godt blad og god styring av økonomien.»

Det skreiv Halvor Øygarden, den fyrste styreleiaren i Vest-Telemark blad, om tilsettinga av Tore Skaug som redaktør i Vest-Telemark blad for 49 år sidan. I jubileumsboka «På humpete vegar i 40 år» mintest Øygarden at styret var overraska over at Skaug som godt betalt journalist takka ja til ei nybrotsstilling med langt lågare løn og usikker framtid i Vest-Telemark. Han konkluderte med at det var «ei svært heldig tilsetjing».

Tore Skaug blei fødd i Østerdalen, 13. august 1939. Etter artium blei det befalskulen og etter kvart fredskorpset der han var i to år. Som 29-åring gjekk han på journalistskulen og han fekk raskt jobb som bladfyk. Vegen til Vest-Telemark gjekk via journalistjobb i Gudbrandsdalen og deretter i Arbeideravisa i Trondheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

I intervju med «eiga avis» i 2013 kom det fram at Skaug primært søkte jobben som journalist i den då planlagde lokalavisa. Men det var redaktør han blei – og med dei same lønsvilkåra som dei andre i bladstova. Litt før den fyrste utgåva i november 1973 var han på plass.

Saman med journalist John Straume reiste han rundt i regionen og gjorde seg kjent. Dei var mellom anna innom kommunehusa og helsa på.

«Me blei kje bare godt mottekne», sa Skaug i intervjuet frå 2013.

Journalistikken blei raskt lagt merke til. Avisa var krass og direkte i stilen. Leiarartiklane var klare og tydelege. Det vekte reaksjonar og ordskifte.

Men også stor respekt.

Skaug og Straume sytte mellom anna for at dei kommunale møta etter kvart blei opne – slikt me i dag tek som sjølvsagt, og som er heilt sentralt for journalistikken og eit levande lokaldemokrati.

Skaug tok vidare opp kampen for at små aviser også skulle ha rett til produksjonstilskot. Med støtte frå enkelte stortingsrepresentantar fekk han gjennom dette. Ein innsats som har kome lokalaviser i heile landet til gode.

Han som har betydd mest

Vest-Telemark blad blei spådd eit kort liv då unge entusiastar drog ho i gang – mellom anna som ein reaksjon mot fylkesavisene sine unisone positive haldningar til det som då var kjent som EF (no EU).

Artikkelen held fram under annonsen.

I jubileumsboka snakka Skaug sjølv med idémakarane bak avisa. Gamleredaktøren trekte fram Sigrid Straand, Bjørn Bø og Arne Vinje som «grasrotarbeidarane» i fremste rekkje.

Dei var viktige fødselshjelparar for å få i gang lokalavisa. Me vågar likevel påstanden om at ingen enkeltperson har betydd meir enn Tore Skaug for at VTB har den posisjonen avisa har i dag.

Tore Skaug var redaktør frå starten i 1973 gjennom 20 år til han gav stafettpinnen vidare. Men han la ikkje ned pennen. Skaug var seinare aktiv frilansarar, både for VTB og Telemarksavisa, og gjennom ei årrekkje var han redaktør for årsskriftet Gamalt frå Kviteseid, i tillegg til nokre eigne bokutgjevingar.

Skaug er ein viktig del av lokalhistoria. Ikkje berre for avisa han var sentral i å byggje opp frå grasrotopprøret tidleg på 70-talet til i dag å vera den største lokalavisa i Telemark, men også for ein heil region. Ingen er stoltare telemarkingar enn vesttelane. Du høyrer ikkje den same regionale stoltheita verken i Aust-Telemark, Midt-Telemark, Grenland eller Vestmar. Det er ingen tvil om at Tore Skaug og VTB har styrkt denne identiteten i Vest-Telemark.

Ikkje midtpunktet

Skaug ville aldri vera midtpunktet. Då han gav seg som redaktør etter 20 år var meldinga klar: Ingen takketale. Då han runda 70 mottok redaksjonen ein e-post frå gamleredaktøren: «Ingenting i avisa!». Han grua seg til å ta imot kulturprisen frå Kviteseid kommune, kunne han avsløre i intervjuet frå 2013.

Men då avisa fylte 40 år, sa han, noko motvillig, ja:

– Eg innser at eg må stille opp ...

Leia mannskoret

Skaug var ein aktiv pensjonist. Han var den fyrste leiaren i mannskoret Ågapet som blei skipa i 2003. I sommar song han med på kjente songar då koret vitja Kviteseid omsorgssenter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nå har Tore Skaug lagt vekk pennen for siste gong. Me lovar audmjukt å føre vidare lokalavisarven som han bygde opp.

Minna er mange. Me takkar han for dei alle, og lyser fred over minnet hans.

Øystein Øygarden

redaktør i Vest-Telemark blad

Les også
Minne om Tore Skaug