Krakken i seg sjølv er ikkje noko ein stoppar opp ved.: Det er ein enkel velbruka treføtt krakk med sliten måling og utan noko dekor. Men dette er krakken Torbjørg Ripilen skal ha site i då ho framførte Draumkvedet for Moltke Moe. Då byrjar krakken å bli meir interessant. Henrik Sørensen var svært oppteken av Draumkvedet, og Botndalen og Mo var saman med Smørklepp av dei landskapa han kanskje var mest inspirert av. Søren var svært glad den dagen han fekk sikra seg denne krakken, som var ein fysisk lekk attende til nedteikninga av Draumkvedet og til Torbjørg Ripilen. Sonen Sven Oluf Sørensen gav krakken til Vinje Biletgalleri nettopp på grunn av denne tilknytinga og den rolla stolen spela for Henrik Sørensen.

Tilbakeføring av bondeantikvitetar til Vest-Telemark

Hei! Du må ha et aktivt abonnement for å lese videre. Kjøp digital tilgang her