Til minne om skiskyttarlegenda Knut Bjaadal

Ein bauta i Fyresdal og Telemark si idretts- og skiskyttarhistorie har gått burt.

Eg var ein av mange ungar som fekk vere del av eit fantastisk skiskyttarmiljø i Fyresdal på 80-talet. Frå Knut og familien flytte heim til Fyresdal tidleg på 70-talet, sto han i bresjen for etableringa av skiskyttarlaget og oppbygginga av eit skiskyttarmiljø som sette Fyresdal på idrettskartet, regionalt og nasjonalt. Knut var pådrivaren og eldsjela som lyfte idretten og idrettsglea fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var trygt og godt å vere under Knut sine vengjir: Han såg oss og lot oss skine. Han møtte oss alltid med eit stort og ekte glis, saman med «heisann, heisann». Me var ein fargerik og uhøgtidleg gjeng med ungar og foreldre i skiskyttarmiljøet, med ulike personlegheiter, lyter og fakter. Ikkje alltid var me ungane like motiverte til trening og dyst. Og Knut sa tydeleg i frå dersom noko ikkje var greitt, – men var fort like blid att.

Eg hugsar godt då Frode (Rui), Tor (Skræi) og Espen (Dørdal) sikra gullmedalje i stafetten i hovudlandsrennet på Kvamskogen i 1985. At eg hasta til telefonkiosken for å ringe heim og fortelje om storhendinga. Om skisko, lusekufter og toppluver på dansegolvet på hotellet i Norheimsund, når me feira at Fyresdal skiskyttarlag verkeleg hadde etablert seg i landstoppen. Og glea over at nokon lykkast, når ein sjølv ikkje hadde dagen. Me var kappfuse individualistar, men òg ein samla flokk. Knut sto støtt i alt dette, han var den samlande bautaen vår.

Me reiste rundt i heile landet på å renn og samlingar. Med klaka bilar og startkablar, ski som knakk, børser som gjekk i villska, nokon som forsov seg. Dårleg søvn i sovekupear på toget nordover. Overnatting på 1 cm tjukke liggeunderlag i kalde gymsalar. Uendeleg mykje latter, skjemt og humor. Kallenamn. Sveitte skidressar og klaka spytt. Oppturar og nedturar. 25 minusgrader på Øyane og løyper som berre var is. Snofattige vettrar og treningsturar langs ubrøytte vegar innover heiane; på leit etter sno, for å så tidleg som råd få skitrening. Eller langkøyring på barmark, oppover skogsliar og fjell. Snørr og tårer, knall og fall. Nyste-smøring og varm saft. Lukta av klister og smelta glider. Hat-følande intervall-trening, og komiske episodar og rørsler, hoppande ski-gang. Nye treningstips og stadig fokus på utvikling, Willi Railo og kassettar med psykologisk trening. Innebandy i gymsalen på Gimle med fare for «liv og helse», der gamlekarane spela saman med oss. Jenter og gutar, små og store. Styrketreningar og klikk-trening med blinkar hengane rundt om i husa.

Når diagonal-stilen blei avløyst av skøyting, fekk me «proffar» hit for å syne oss. Knut ville ha oss opp og fram. Nye mål og nye løysingar.

Knut var både pappaen, trenaren, dugnadsmannen, organisasjonsmannen og utøvaren. Han deltok på alle felt. Viss det mangla sno før eit renn på Øyane, var han saman med resten av dugnadsgjengen ute med traktorar og utstyr for å køyre på sno i løypene. Knut var uhøgtideleg og raus. Hjelpsam og skvær. Om nokon mangla skiutstyr, fann han det heime hjå seg, eller ringa rundt til dei andre skiskyttarforeldra. Han såg alltid løysingane når det røynde på. Då Fyresdal var arrangør av senior-NM i skiskyting i 1985, var sjølvsagt Knut ein av primus-motorane. Og utan Knut ville aldri Fyresdal ha blitt den skiskyttar-bygda den blei. Og som det blei sagt i minnesamvèret i klubbhuset på Øyane etter gravferda; dette var før ordet «frivilligheit» var oppfunne. Den gong gjorde ein det som trengtes for å halde alt i gang, men ein trengte navet og motoren, – og det var Knut. Men Knut var ikkje opptatt av heider, ære og fokus på seg sjølv som eldsjel.

Engasjementet til Knut var så inderleg og så ekte. Og sjølv om han hadde med eigne ungar som hevda seg i landstoppen, verka alle like viktige for han. For ei tid og for ein god flokk!

Takk for alle gode minne Knut. Kvil i fred.

Gunhild Austjord

Artikkelen held fram under annonsen.