Til minne om Alf Johansen
Minneord
Ein entreprenør, ein gründer, eit medmenneske og ein god ven har gått bort.
Søndag 26. oktober fekk vi den triste beskjeden om at Alf hadde gått bort etter ein lengre sjukeperiode.
Alf starta sin karriere med anleggsarbeid på kraftanlegg, han fant seinare ein ny veg i å starte firma innan transport- og massehandtering. Under hans leiing voks bedrifta til å bli ein av dei mest betydningsfulle firma i bransjen. Det var ikkje bare teknisk innsikt og topp utstyr som var i fokus hos Alf, men også ei unik tru på folka som var i hans firma og den bestemte tru og vilje på å gjera ting ordentleg - det vart det suksess av.
Det er inspirerande å tenke på korleis han alltid såg moglegheita, sjølv når tida var knapp, og korleis han alltid søkte løysingar som tente både tilsette, kundar og firmaet.
Alfs ånd lever nå vidare i sønene Roar og Stian, og i samarbeid med eit industrielt firma går firmaet i stø kurs framover.
Alf hadde eit stor ynskje om meir fri og meir tid til familie og vener, og han såg fram til mange fine stunder i leilegheita i Spania saman med familie og vener. Slik skulle det altså ikkje bli, men vi har alle minne frå besøk der - minne vi allereie saknar, samtidig som vi er takknemlege for dei øyeblikk han delte med oss der.
Vi er fem venepar som har hatt glede av å reise «verden» rundt saman med Alf og Åste gjennom mange år. Her har vi minne om positivitet, kreativitet og et godt humør som alltid var der, og som lot oss le, også i vanskelege tider. Alf hadde ei sann gåve for å gjera kvardagane litt lettare, og kvar samtale litt varmare. Hans historier og hans måte å møte livet på vil leve vidare i oss alle.
Til Åste, Roar og Stian med familiar: vår sorg er djup, men vår takknemlegheit er endå større. Vi står med dykkån i sorga, og vi har Alf i minna våre – i dei gode samtalene, i den god latteren, i dei små øyeblikk vi delar når vi tenker på ham. Kvil i fred Alf. Du vil alltid væra med oss.
Sigrunn og Olav, Eva og Asbjørn, Gunhild og Gunnar, Synnøve og Morten Olav og Signe og Vidar